Det var fint å komme tilbake på jobb etter påske. Skolekontoret i Askøy er ein fin plass å jobbe både fagleg og sosialt. Fint å ha fleire flokkar å høyre til, særleg når livet buttar imot. Ein anna flokk er LokalVokal som hadde julekonsert i byrjinga av desember.
måndag 23. desember 2024
Jula 2024
Det var fint å komme tilbake på jobb etter påske. Skolekontoret i Askøy er ein fin plass å jobbe både fagleg og sosialt. Fint å ha fleire flokkar å høyre til, særleg når livet buttar imot. Ein anna flokk er LokalVokal som hadde julekonsert i byrjinga av desember.
fredag 22. desember 2023
Jula 2023
Det snør -
himmelsk korrekturlakk over feilstavet sommer

Slik ser det ut på Snytto i Myrkdalen når vi nærmar oss jul. Men denne strofa frå Anne Grete Preus har ein djupare botn enn som værmelding. Når livet går i mot, er det godt med relasjonar og opplevingar som kan ta fokus vekk frå det vanskelege. Det er godt å ha flokken vår rundt oss, og det er godt med vener og familie som bryr seg.
Vi har hørt at ingen snøfnugg er like,
og sånne under kan en tenke på en stund
Eg er blitt korsongar igjen. LokalVokal tilknytta Foldnes kyrkje er eit gospelkor med god kvalitet og godt fellesskap, for ungdommar i alle aldrar. Å få jobbe praktisk er godt for ein som ellers sit mykje framfor skjermen. Siste prosjekt i haust er tak over verandadør. Mykje av jobben blir no gjort frå heimekontor for å vere nær Olga. Etter nyttår prøver vi også å få noko meir kommunal hjelp som kan avlaste.
Takk for den unyttige snøeller som Voss lyrikklag seier det:
Til bry og til besvær
- Dersom du vel å ikkje gleda deg over snøen, vil du ha mindre glede i livet, men same mengde snø.
Jula skal vi feire i Myrkdalen. Simon og Karina med familie er på plass. Marte og gjengen kjem i romjula. Nysnøen har lagt seg, og skia står klare i boda. Besten held framleis fast på telemarksknekken, sjølv om lettare skiutstyr kan friste.
Alt går litt langsommere her på jordenAv og til stoppar livet opp, eller går saktare om vi vil det eller ei. Andre gonger kan vi ta bevisste valg om å leve for, meir enn å leve av. Minner også om intensjonskanalen frå i fjor, om du har gløymd den.
Når hele himmelen faller ned
Med ønskje om ei god og velsigna julehøgtid til alle ❤
fredag 23. desember 2022
Jula 2022
På Brattholmen var årets høgdepunkt Tomine sin skulestart. For tida er dans viktigste fritidssyssel for henne og Ronja. Karina har også fått og tatt nye utfordringar som rettleiar for ungdom som treng hjelp til å komme tilbake til skulen. Padel ga slik meirsmak at eg kjøpte racketar til Ole og meg i bursdagsgåve til han. Vi har framleis til gode å slite dei ut.......
Endeleg vart det seriegull etter to sesongar bak Bodø-Glimt. Cupfinaleseier i mai var også ein høydare. torsdag 23. desember 2021
Jula 2021
Som du kan henge på ditt juletre
Destinasjonen er Myrkdalen Vest. Vesle julaftan er det -8 og fint vinterver ute. Det har lagt seg eit lite "melislag" på snøen som klarte å overleve mildveret tidlegare i månaden. Så skiturar ligg det godt til rette for.
Sykkelturar med pappa sin elsykkel på Bergen sine fjell og snowboardsvingar i Myrkdalen er godt dokumentert. (I den grad du kan seie at snaps som dukkar opp og forsvinn er dokumentasjon.....). Marte og Vebjørn runda 30 i år, men Koronaene gjorde at den store festen måtte avlysast. Vebjørn jobbar framleis med oljeinstallasjonar i inn og utland. Marte kan no også tittelere seg som spesialpedagog etter fullført mastergrad gjennom to svangerskap. For tida handlar mykje om planer for husdrømmen som skal realiserast i Dale (Sunnfjord) dei neste par åra.
torsdag 24. desember 2020
Jula 2020
Per Fuggeli introduserte omgrepet «Flokken». Dette er eg glad i, og eg er glad i min flokk. Som stadig veks. Til våren blir vi mommo og besten til 4 då Sierra får ei søster. Stor stas!
Ansleisåret 2020 er snart over. Ansleis ja, men likevel er mykje ved det same. Flokken vår og jobben vår er viktige fundament som ikkje har endra seg. Men for andre har ansleisåret ikkje vore like godt. Vi er takksame for å bu i landet med verdas beste sikringsnett.
Olga får god hjelp av verdas beste helsevesen. Finansiert av våre felles midlar. Kvar 3.veke får ho nødvendig men kostbar medisin for å halde kreftcellene i sjakk. Kvar 4. månaden viser CTen kven som har overtaket. Siste året har vore fint. I gang igjen på jobb, med god tilpassing.
Koronaen har gjort at vi begge har hatt mykje heimekontor. Mykje av jobben min i Askøy kommune kan eg gjere heimafrå, men når vi ikkje lenger kunne møtast fysisk har vi oppdaga kor viktig dette er for eit arbeidsfellesskap.
Sist fredag overtok vi hytta i Snytto (Myrkdalen vest). Etter intensive innflyttingsdagen har vi no fått flokken til fjells for julefeiring. Lite snø førebels, men vi stolar på snømeldingar seinare i jula.Simon har i haust vore i USA. Karantenetid gjer at han må tilbringe jula åleine. Trist, men desto kjekkare når han kjem til fjells i romjula. Men koronaen har gjort oss gode i digital kontakt, så det får vi nytte oss av i kveld. Mora har fylt opp fryser og kjøleskap, og han får prøvd seg som julekokk. Men fleire problemstillingar dukkar opp; Kva med mandel i grauten?
I grautgryta på fjellet var det i går over 20 mandlar. Det ga rom for ulike reglar. Ronja meinte det var urettferdig sidan besten et meir graut enn ho. Løysinga vart like fulle skåler der berre første runde var gjeldande. Karina gjekk av men sigeren etter ometing med faren.
Karina har blitt ein del av laget i nye Øygarden kommune. Når ho ikkje er fysioterapeut går mykje av tida med til å vere mor. I november flytta dei eit par km til Brattholmen der skulen til Ronja ligg. Ja, skulejente er ho blitt, og handball og turn er favorittane i fritida. Tomine har eit år igjen i barnehagen, og synst det er flott. Ole programmerer, og med dagar framfor maskina må kroppen få fysiske utfordringar i fritida. Men den er ikkje heilt klar til ny Norseman enno.
Det er heller ikkje Marte som går med veksande mage. Ikkje så samarbeidsvillig denne gongen, så jobben ved Gimle skole har måtte vike noko no i haust. Koronaen har gjort at Vebjørn ikkje har vore på så mange oljereiser i haust. Sierra er blitt 1 år, og starta i haust i barnehage i tøffelavstand frå heime.
Litt lenger er det til Simon som i haust har vore i USA for videre skulering i forsvaret. Han og Silje har tatt opp teltpluggene i Bodø, og Silje har fått politivikariat heime på Karmøy. Kjekt, for det er ikkje så lett å få jobb i denne etaten.
Dette var flokken oppsummert i 2020.
Vi ønsker alle ei velsigna julehøgtid, og eit godt koronafritt (etterkvart) 2021.
måndag 23. desember 2019
Jula 2019
![]() |
| Flokken vår |
I år tjuvstarta vi julefeiringa sidan det er andre som med rette også skal ha ein del av vår flokk. Å vakne søndag før jul og ha kjensla av 1. juledag var fint. Ingen stress. Kan tilrådast!
Livet er fullt av milepælar. I starten ligg alt framfor. Etterkvart meir balanse mellom framblikk og tilbakeblikk. Men uansett alder må vi aldri slutte å sjå framover. Men mest av alt leve her og no.
I julebloggane dei to siste åra har vi delt om Olga sin kreftsjukdom som kom kasta på oss hausten 2017. Ein milepæl som sjølvsagt har prega oss, men som likevel ikkje har overskugga alt. I april registrerte legane ei lita endring i brystet, og tilrådde difor nye veker med cellegift som var avslutta i oktober. Behandlinga verkar bra, men er sjølvsagt tøff for kroppen. Men Olga meistrar godt å leve med sjukdommen. Ho trenar seg opp igjen. Bra for både kropp og sjel. Ho strikkar mykje, ei god avkobling når kroppen elles treng kvile. I år vart det mange mjuke pakkar under treet.
![]() |
| Ronja i løypa! |

Møvik Panorama har forøvrig ledig kapasitet for dei som vil komme på besøk. Å kunne veksle mellom byliv, kystliv og fjelliv er eit privilegium.
![]() |
| Godt selskap på Rhodos |
![]() |
| Forteljaren |
![]() |
| Tur til Stadt |
I Julebloggen 2018 gjorde vi opp status i familien. Ikkje dei store endringane, men Simon har fått si Silje tilbake til Bodø, og dei har flytta under same tak. Karina og Marte er begge deltidsstudentar.
Julefeiring del 2 skal vi ha saman med Simon og Silje. Når dei reiser sørover til Karmøy set vi oss i bilen i retning Nordfjord og seinare Romsdalen. Kjekt å besøke foreldra våre som i midten av 80-åra framleis bur heime og har vitet og humøret i behald.
Med ønskje om ei velsigna julehøgtid for alle!
søndag 23. desember 2018
Jula 2018
I fjor på denne tida piska vind og ver mot vindauga på Møvik. I år er det
kvitt vinterlandskap som møter oss utafor hyttevindauget i Hemsedal. Og når vi har heile flokken vår samla er livet særleg lyst og fint.
Slik var ikkje livet då julebloggen vart skrive i fjor. Olga
fekk kreftdiagnosen i oktober og vekene fram til jul var av dei mest krevande
vi har opplevd i våre liv. Men utover vinteren 2018 var tilbakemeldingane frå legen meir og meir positive og Olga kunne avslutte cellegift behandlinga i
slutten av februar. Etter det har ho kvar 3.veke fått antistoffbehandling som
held kreftcellene i sjakk. Så langt har ho respondert godt på denne
behandlinga, og når ho i går kunne spenne på seg skia igjen var det nok ein milepel på vegen tilbake til det normale. «Normalt» blir det
aldri, men kva er eigentleg det?
Blar vi tilbake på dei siste Julebloggane, er desse prega av
gleda over barnebarna sine inntog i liva våre. Ronja på 4 er det store forbildet
for veslesøster Tomine på 2. Tomine hermar, og fleire og fleire ord festar seg i vokabularet. Til sommaren kjem nr.
3. Då ventar Marte og Vebjørn sin første.Har gjort:
- Ei veke på Rhodos i haust saman med Karina & co var balsam for sjela.
For ikkje å gløyme garasjebygging. God rekreasjon for ein som sit mykje framfor skjermen. Snart i mål.
Kvar vi bur
og kva vi gjer er sjølvsagt ein viktig del av liva våre. Men vel så viktig er
kven vi er. Når livet buttar mot er dette ein viktig dimensjon som kjem enno
tydelegare fram. Ikkje alltid like enkelt å setje ord på, men likevel ofte
banalt enkelt: laurdag 23. desember 2017
Jula 2017
![]() |
| #lykkeland |
Ja, i sommar var det 30
år sidan vi gifta oss. Eit samliv som har hatt fargar i ulike fasettar, slik
det skal vere. Vi er takksame for å få vere ein del av liva til kvarandre, og
prøver kvar kveld å seie desse viktige orda: «Eg er glad i deg!».
Simon var ferdig med
førstegongstenesta i vår. I sommar/ haust var han til opptaksprøver for
flygarutdanning i forsvaret. Han kom langt, men vart dessverre «selektert vekk»
i siste fase. I november reiste han til Bodø, og jobbar no med å tilrettelegge
for andre som skal flyge. Der får han også vere saman med kjærasten Silje som
går på politihøgskulen. Dei traff kvarandre i forsvaret.![]() |
| Julefoto av favorittane |
![]() |
| Over skoddehavet på Segla |
Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt
laurdag 24. desember 2016
Jula 2016
Ronja er blitt 2 år. Solstålen vår som bur saman med mamma, pappa og Tomine på Haganes, berre 15 minutt frå mommo og besten. Stor stas å kunne vere kvardagsbesteforeldre, hente i barnehage, vere barnevakt og få overnattingsbesøk. Storesøster er Ronja også blitt. Tomine kom til verda i oktober. Ikkje mindre stas å bli besteforeldre for andre gong.Men også stas å ha born og svigerborn tett på. Haganesbrekko garasjebryggeri utvidar stadig teknologi og sortiment. Må innrømme at eg der er mest læregut. Ole jobbar framleis med IT, Karina har jobb som fysioterapeut i Sund kommune når permisjonen er over.
Som meldt i julebrev 2015 blir det bryllup til sommaren. Brudeparet er i rute med planlegginga, og vi ser fram til ei flott Sunnfjordhelg. Marte er lærar ved Gimle ungdomsskole i Bergen og studerer matematikk ved sida av. Viktig å ha fleire fagbein å stå på. Vebjørn reiser verda rundt og sørgjer for at oljeinstallasjonar virkar og får nødvendig vedlikehald.
Simon har brukt store delar av dette året til å tene fedrelandet. Han har hatt fine månader som sjåfør i luftforsvaret på Ørlandet. Når tenesta er omme i april blir det vel eit førebels opphald i Bergen før livet går vidare til ukjent stad og med ukjent innhald. Slik er det for mange ungdommar i dag. For mykje å velje i .......
I august feira vi mor og far sitt diamantbryllup. Flotte førebilete som begge har passert 80. Aktive pensjonistar som fyller dagane sine med mykje positivt innhald. Martins snikkarbu har framleis stor produksjon.
Begge storfamiliane våre set pris på å møtast til konfirmasjonar, jubileum og andre merkedagar som er verd å feire. Vi ser fram til nye møter i 2017.
Bloggaren runda sjølv 50 i sommar, men han kom seg aldri til å realisere kystfesten på Møvik som var i tankane lenge. I staden vart det ei signingsferd oppover kysten med stor grad av desentralisert feiring.
Arbeidsgjevar er framleis Askøy kommune. Askøyskolen er eit godt lag å vere fagsjef for. Mange dyktige medarbeidarar som kvar dag gjer sitt for å legge til rette for god læring og trivsel for elevane. "Mobbefri oppvekst" er eit håret mål vi har satt oss i Askøy. Heile landsbyen må gjere kva vi kan for at alle elevane skal oppleve ein mobbefri oppvekst på skule og i fritid.
Olga sin jobbkvardag handlar framleis om musikkorps. Vi endrar oss stadig i måten vi kommuniserer og held oss oppdatert i den digitale verda. Då må formidlaren også vere framoverlent for å henge med i utviklinga.
Sjølv om livet består mest av kvardagar er det viktig å stoppe opp og gje seg sjølv eit pusterom. Det kan vere ein ferie med gode vener, tur på fjellet eller holmetur i skjergarden rett utanfor stovevindauget. På Oppheim har vi funne vår vinterplass. Ein tur på oppoverski eller bortoverski gjev god påfyll av energi.
Julekvelden feirar vi i år hos Karina og Ole. Simon må vere på vakt, men ellers er vi alle samla.
Med ønskje om ei velsigna jul og eit godt 2017 til familie, vener og kjende.






















