måndag 23. desember 2019

Jula 2019

Flokken vår
"Fylt av glede over livets under" heiter det i Svein Ellingsen sin fine salme. Sierra, vårt tredje barnebarn, vart fødd i juli. "Flokken" blir større, og med åra om mogleg endå viktigare.

I år tjuvstarta vi julefeiringa sidan det er andre som med rette også skal ha ein del av vår flokk. Å vakne søndag før jul og ha kjensla av 1. juledag var fint. Ingen stress. Kan tilrådast!

Livet er fullt av milepælar. I starten ligg alt framfor. Etterkvart meir balanse mellom framblikk og tilbakeblikk. Men uansett alder må vi aldri slutte å sjå framover. Men mest av alt leve her og no. 

I julebloggane dei to siste åra har vi delt om Olga sin kreftsjukdom som kom kasta på oss hausten 2017. Ein milepæl som sjølvsagt har prega oss, men som likevel ikkje har overskugga alt. I april registrerte legane ei lita endring i brystet, og tilrådde difor nye veker med cellegift som var avslutta i oktober. Behandlinga verkar bra, men er sjølvsagt tøff for kroppen. Men Olga meistrar godt å leve med sjukdommen. Ho trenar seg opp igjen. Bra for både kropp og sjel. Ho strikkar mykje, ei god avkobling når kroppen elles treng kvile. I år vart det mange mjuke pakkar under treet.


Ronja i løypa!
Gleda av snø og fjell er framleis stor. Oppheim har vore eit fint utgangspunkt for dette, men ei studioleiligheit har ikkje plass til så mange. Ronja kommenterte når ho var med oss opp ei helg: "Nei men mommo og besten; Har de kjøkken på soverommet?" Difor blir det ny hytte i Myrkdalen Vest med plass til flokken. 



Møvik Panorama har forøvrig ledig kapasitet for dei som vil komme på besøk. Å kunne veksle mellom byliv, kystliv og fjelliv er eit privilegium.



Godt selskap på Rhodos
Sol og varme gjev nødvendig påfyll av vitaminar for både kropp og sjel. Å reise saman med vener og familie eller berre oss to er viktig for oss. I år har vi hatt turar til både Kroatia/Montenegro, Rhodos, og Gran Canaria no før advent. Olga var også på jentetur til Portugal i vår.

I juli fekk vi vere med i Frida og Håvard sitt eventyrbryllup i Montenegro. Prest og kantor fekk framføre Trygve Skau sin "Våpendrager". Gode og viktige ord også for oss som har delt livet i lag i mange år:


Forteljaren
I august samla mor og far storflokken sin på Frænabu på Romsdalskysten. 35 i talet! Alltid kjekt å samlast.


Tur til Stadt
Vi veit også at invitasjonen til å besøke vener og familie alltid står open. Vegen til Førde er kort, og med ny Kona er rekkeviddeangsten vekke. Å møte gode vener på Stadt med Martin og Ragnhild som vertskap er umåteleg kjekt.

I Julebloggen 2018 gjorde vi opp status i familien. Ikkje dei store endringane, men Simon har fått si Silje tilbake til Bodø, og dei har flytta under same tak. Karina og Marte er begge deltidsstudentar.

Julefeiring del 2 skal vi ha saman med Simon og Silje. Når dei reiser sørover til Karmøy set vi oss i bilen i retning Nordfjord og seinare Romsdalen. Kjekt å besøke foreldra våre som i midten av 80-åra framleis bur heime og har vitet og humøret i behald.

Med ønskje om ei velsigna julehøgtid for alle!