


Ein juleblogg må ha ein visst oppsummerande karakter:
Adresse:
Frode og Olga: framleis Møvik og Bergen
Karina, Ole, Ronja og Tomine: Flytta
frå Haganes til Straume i mai. (Enno meir tilgjengeleg for besteforeldre som vil stikke innom).
Marte og Vebjørn: Held framleis hus på
Slettebakken.
Simon og Silje: Simon framleis i Bodø.
Silje flytta i haust heim til Karmøy (praksis).
Jobb/skule/barnehage:
Simon: Framleis i Forsvaret. Frå januar
3 mnd på befalskule. Tek også studiepoeng (øk/mark/led) i tillegg.
Silje: 2.år på Politihøgskulen. Praksis
heime på Karmøy dette året. Tilbake i Bodø til hausten.
Marte: Har fått fast jobb på Gimle
ungdomsskole der ho har jobba dei siste åra. Starta i haust på master i
spesialpedagogikk (deltid). Blir av dei mest velutdanna i familien når ho er
ferdig.
Vebjørn: Reiser framleis jorda rundt
for å ordne oljeinstallasjonar for Slumberger. Mest under vatn, utan sjølv å
vere der.
Karina: Jobbar som fysioterapeut for
barn og unge i Sund kommune, som neste år skal bli ein del av nye Øygarden
kommune.
Ole: Har hatt eit lite år i IT
avdelinga i fylkeskommunen. Tilbake til gamlejobben frå januar. Kjekt å vere
ønska tilbaka.
Ronja: I avdeling «Villsauane» i Gardstunet
barnehage på Fjell. Er snart i kategorien «dei viktige kontinuitetsberarane».
Tomine: I avdeling «Grisebingen», og er
vel framleis å rekne som ein fersking?
Olga: Frå august tilbake i jobb som nettredaktør i Norges Musikkorps Forbund.
Frode: Rådgiver i fagavdeling skole i
Askøy kommune i eit ekstraordinært godt fagleg og sosialt miljø.
Har gjort:
Har gjort:
- Vårtur til Barcelona.
- Maitur til Bodø. Første gong minstemann var vertskap for sine foreldre.
- El-bil tur
langs vestlandskysten for å besøke Eid og Aukra.
- Ei veke på Rhodos i haust saman med Karina & co var balsam for sjela.
- Ei veke på Rhodos i haust saman med Karina & co var balsam for sjela.
- Turar «heim»
til Førde for å besøke folk som betyr mykje for oss.
- Frode var
saman med Øyvind på kitekurs i Kroatia i vår. 50 år ingen hindring …..

Våre foreldre, Eli, Synnøve og Martin, er alle godt opp på 80-talet. Litt service må
til. Synnøve ventar over nyttår på eit inngrep for å få pacemakeren til å virke
slik den skal. For Eli var det dramatisk for nokre dagar sidan då hjartet
stoppa å slå. Men pacemaker er no installert, og ho blir betre dag for dag. Vi er glade for å ha foreldre som bind saman.

«-Den beste medisinen for mennesker er omsorg og kjærlighet.
-Hva om den
ikke virker?
-Øk dosen.»
Dette har vi
fått oppleve i stort monn det siste året både frå kollegaer, vener og
familie. Takk!
Mengder av
informasjon flyt forbi oss dagleg. Enkelte er også flink til å stoppe opp og reflektere.
Deler i år Hanne
Skartveit sine kloke ord:
«Julens
budskap er håpet. I julefortellingen ligger begreper som nåde. På sitt beste er
julen tiden da vi forsoner oss med vår egen skrøpelighet. Tilgir oss selv våre
feil, aksepterer at vi ikke alltid er den beste versjonen av oss selv. Tenker
gjennom hva som er viktig i livet, og hva som ikke betyr så mye.»
God jul og eit godt 2019 til alle!