onsdag 23. desember 2015

Jula 2015

Stikkord for 2015:
  • Trivst godt som stril
  • Stas å vere «besten»
  • Ny jobb, men same arbeidsplass
  • Oppheim
  • Mykje vind
  • Bryllup
  • Over og under 50
  • Heia Molde
  • Mikrobrygging
  • Stas med familien tett på
  • Norseman
  • Kjekt å reise
  • Framleis godt gift


Det er no over 3 år sidan vi tok opp teltpluggane og flytta sørover frå Førde til Bergen og strilelandet. Etter 20 gode år i Førde viser det seg at det også går an bu og jobbe andre stader.  Og vegen til Sunnfjord er ikkje lang, verken fysisk eller digitalt.

Møvik i solnedgang
Det er på Møvik på Sotra vi har heimen vår, og det er her vi bur når vi samlar familie og vener. Men det er også fint å ha «hytta» i byen som gjer at vi kan bruke litt mindre tid til og frå jobb i kvardagen. Der flytta også Simon inn att etter tre års internatliv på Kongshaug. No er han resepsjonist på hotell midt i sentrum. Forsvaret ventar etter påske. Kvardagen med ein utvaksen tenåring i huset går veldig fint. I vinter var det mykje vind på kysten. Huset stod støtt, men delar av glasrekkverket måtte gje etter. Spørst om vi rømmer til byen neste gong det nærmar seg orkan. Men desse dagane er gløymd når kajakken kan gli gjennom stille vatn.

Tidleg krøkjast.....
Flott brudepar
Å vere «Besten» er ikkje oppskrytt. Ronja fylte 1 år i november, og det er veldig kjekt å vere tett på og kunne følgje med når ho tek sine første steg og no øver på å forme lydar til ord. Men ikkje tettare enn at det tek eit kvarter frå Møvik til Haganes der Ronja bur saman med Ole og Karina. Der har dei dobbeltgarasje med plass til mykje. M.a. Haganesbrekko garasjebryggeri som vart etablert som konsekvens av bryggekurset gutane fekk frå sine kjære i julegåve i fjor. Det har
blitt nokre liter. M.a. «Vakker brud» og «Stolt brudgom» som vart servert i bryllupet til Karina og Ole i sommar. Eg var også stolt då eg fekk leie mi dotter oppover kyrkjegolvet. Vi tenkjer tilbake på fine bryllupsdagar i august. 

Storfamilien i Spania 2015
I 2015 har vi også hatt mykje anna å feire. Mor runda 80 i haust, og i sommar var heile storfamilien samla i Spania ei veke. Kjekt å vere i lag, og kjekt å kunne feire ei flott dame. Mor og far er spreke 80 åringar som tek godt vare på kvarandre heime på Gossen. Neste sommar feirar dei diamantbryllup! Olga runda 50 i mars. Eg var så heldig at eg fekk vere leiar i arrangementsnemnda for dameselskapet. Fint å feire ei flott dame som eg er så heldig å få vere gift med. Neste år er det min tur å runde 50. Også kjekt å vere med å feire Susanne og Atle sin dag i oktober.
Å reise gir avkobling og nødvendig påfyll. I tillegg til Spania har vi dette året også vore i Montenegro og Gdansk saman med gode vener. Men også på Kikut i Sandefjord kan det gode liv nytast.

Flott turfølge
Noko av det eg saknar frå Sunnfjord er lett tilgang til fjell og snø. I februar kjøpte vi eit lite krypinn på Oppheim. Der har vi kort veg til Myrkdalen og andre fjelltoppar. Vi fekk mange fine turar på seinvinteren. Kjenner også meir og meir på at eg skulle vore nærare Molde for å få med meg meir fotball. Patrioten i meg blir ikkje mindre når vi no også inntar Europa. Heldigvis får eg neste sesong ein bortekamp i Bergen. I august var eg også med på Norseman ....... som barnevakt for Ronja og heiagjeng for Ole som deltok - ei veke før han skulle gifte seg !

I alle år har far i huset «fora» ungane med kvardagsmatematikk og problemløysing undervegs på korte og lengre bilturar. No kan eg endeleg hauste grøda av det som er sådd. Begge jentene tek no matematikk på NLA. Marte som utbygging av bachelor i idrett som ho gjorde ferdig i vår, Karina som eit nytt fagbein å stå på i tillegg til fysioen.

Frieri i det fri
Marte og Vebjørn bur i Bergen. Kjekt at vi har alle innan armlengdes avstand. I 2017 blir det bryllup på Åmot gard. Enkelte treng meir tid til planlegging enn andre. Vebjørn fridde på Via Ferrata i Loen i sommar. Eg veit ikkje kva som var alternativet til eit «ja» ......

Eg både bur og jobbar i strileland. I januar bytta eg frå rådgjevarstol til fagsjefstol i Askøyskolen. Spennande arbeidsplass i vekst og utvikling, og gode medarbeidarar som er opptatt av å bygge lag og dra i same retning. Ein slik jobb tek naturleg nok mykje tid og energi, men gjev også mykje tilbake i godt samspel som gjev gode resultat.

Ei klok stemme har sagt noko om balansen mellom å leve av og leve for. Dette perspektivet må vi aldri miste i ein travel kvardag. Vi har det godt her oppe på den grøne grein, og det må vi aldri gløyme å vere takksame for. Då må vi også våge å vere rause nok i møte med menneske på flukt som vi kan dele noko av vår rikdom med.

Med ønskje om ei velsigna juletid for alle!