fredag 23. desember 2011

Julehelsing 2011

Når alle i familien ikkje lenger bur saman er det ekstra stas å kunne samlast for å feire jul i lag. No skriv vi 24.desember, det er fyr i peisen og pinnekjøtet står på ovenen. Vi trur det meste er førebudd så godt vi kan, bortsett frå julebrevet.....

2011 har vore eit ansleis år der vi gutane har helde fortet her heime. Vi klarer oss godt, og set stor pris på når Olga kjem heime igjen til helga. Når vi er vekke frå kvarandre lærer vi oss kanskje til å setje ekstra pris på å vere saman. Det er vel det same vi opplever når også dei yngste jentene kjem heim til jul.

Olga trivst så godt med å spre "godt nytt" i Norsk musikkorpsforbund at ho har sagt opp stillinga i NRK. Livet er for kort til at vi ikkje skal våge å utfordre oss sjølv på nye vegval i livet. Vegen tilbake er heller ikkje lengre enn at det er mogleg å ta den ved eit seinare høve. Mellom Førde og Bergen er det 3,5t med buss. Det går bra eit par gonger i veka. Å skulle ha to heimar opplevest kanskje som meir krevjande. Men vi har fått oss ei fin "hytte" i sentralt i byen der Olga har laga seg ein fin heim nr.2. Trening er ein viktig del av kvardagen, og kreativt arbeid med scrapping er god avkopling for Olga.
Her kan de lese meir om Olga sitt liv og tankar om livet.

Karina byrja i haust i turnusteneste som fysioterapeut i Sola kommune. Etter nyttår skal ho ha siste halvåret på Stavanger sjukehus. Ho har lært seg sitt fag, og no er det tid for praktisering med enno meir læring. Den raude Poloen er ein god følgesven, sjølv om den fekk litt medfart når den trilla rundt for nokre veker sidan. Heldigvis kunne Karina og dei andre i bilen krype uskadd ut. Ved slike hendingar får vi ei påminning om at vi ikkje må ta livet for gitt.

-Vi har alt, og det er alt vi har, seier Ole Paus. Alt vi har er så mykje meir enn materiell velstand. Det må vi aldri gløyme.Det handlar m.a. å ta godt vare på seg sjølv både fysisk og mentalt. Damene er ivrig på treningssenter og antydar meir enn ofta at far også burde vurdere noko tilsvarande når han klagar på ryggen. Det er ikkje alle musklane som vert aktivert når ein spring etter ein ball i ein gymsal. Men kjekt er det! Årets første topptur på ski er unnagjort, og eg og Simon har i år kjøpt årskort i skitrekka. Vi håpar på ein god vinter! Hausten har handla mykje om lavkarbo og smørmangel. Vår gode ven Oddvar har skreve dikt om dette. -Du blir vel ikkje slankare av å ete meir flesk, men ved å bevege meir på flesket.

I haust var Marte veldig klar for å starte studielivet. Overgangen frå folkehøgskule til idrett på lærarhøgskulen var imidlertid ikkje veldig stor. -Dette er neste som å gå på folkehøgskule, sa Marte dei første vekene, etter å ha vore på kanotur og andre fysiske sprell. Etterkvart har bøkene fått meir plass. Ho trivst godt i kollektivet saman med to andre jenter og ein gut. I ledige stunder jobbar ho i eit bukollektiv kort veg frå der ho sjølv bur. Når ho er heime tek ho gjerne ekstravakter i bu og omsorgstenesta. Ho trivst godt saman men mennesker som treng litt ekstra hjelp for å klare seg i livet.

I sommar gjekk ferieturen igjen til Hellas (vi reknar det som naudhjelp :). Første ei veke i Pelleponnes før vi reiste til kjente trakter ute på øyane. Denne gongen vart vi verande på Paros mesteparten av tida i selskap med gode vener. I november nytta eg og Olga høve til å oppsøke varmen igjen. Elles er hytta på Lemonsjøen framleis ein god stad for rekreasjon.

I mai feira vi Simon si konfirmasjon. Store delar av familien på begge sider var med i feiringa, og vi hadde ei flott helg saman til ære for eit flott ungdom. Simon er musikar som no trakterer fleire instrument i tillegg til gitaren. Han har eit godt høyre og ein god puls. Tensing er viktig i Simon sitt liv. Der har han gode vener og får ansvar som styremedlem og bandleiar. I haust fekk han seg også jobb som medarbeidar i kyrkja der han deltek på ulike arr. i trusopplæringa. Ludus på måndagane er også viktig med friluftsliv, ballspel og varierte aktivitetar på programmet. Det store målet no er 16 år og lettsykkel. Eit tema vi foreldre byrjar å bli metta av. - Pappa kva synst du om denne? (Simon på Finn.no).

Livet som rektor er framleis kjekt og travelt. Det som gjer det travelt er ikkje berre alt du gjere, men alt du skulle ha gjort. Skulen vert ein stor del av livet som det er vanskeleg å legge vekk. Å leve av og leve for er to ulike dimensjonar i livet som for mange vert eitt. Musikken skulle eg hatt meir tid til å leve for. Turar på ski prøver eg å ta meg tid til, og eg har forventningar til ein god vinter saman med Simon og andre gode skivener.

Vi er priviligerte og har mykje å vere takksame for. Vi er friske, har nok mat, gode sengar å sove i, kjekke naboar, omsorgsfulle vener og gamle og nye kollegaer. Dette må vi aldri ta som sjølvsagt. Å kunne ha valg i livet; Kva vil eg jobbe med? Kva utdanning vil eg ta? Kvar vil eg bu? er eit privilegium sjølv om det også gir utfordringar å kunne ta dei rette valga.

Marte og Karina har hatt kvart sitt år på folkehøgskule med reise og solidaritet i fokus. Ein månad som backpackar på tvers av Sør-Amerika set sine spor. Fleire av oss er verva som fadrar til Misjonsalliansen sitt arbeid i Bolivia, og besøket på barneheimen i Sao Paulo som dei hadde samla inn pengar til på førehand satte sine spor. Det var kjekt å oppleve at den same barneheimen fekk 100.000 av handballforbundet i samband med VM no i desember.

God Jul og eit godt 2012 til alle!

Helsing oss på Flatene

God jul frå Flatene!

Personalize funny videos and birthday eCards at JibJab!