måndag 23. desember 2013

Jula 2013

Det er langt mellom bloggar Solemdal sine innlegg for tida. I fjor vart det heller ikkje julehelsing her…. Då samla vi troppane og reiste til Thailand. Det vart ei strålande jul der også, bokstavleg talt, men på ein annan måte. I år samlar vi kjernefamilien på Møvik. Huset er nytt, men heimen er den same.
Sommaren 2012 tok vi altså opp teltpluggane og flytta til Bergen, eller bergensområdet. Folk spør om korleis det er å vere bergensar. Bergensar kan du ikkje bli, men det går an å leve godt saman med dei. Ekstra kjekt at vi også har våre tre med sine kjære i "armlengdes avstand".

Møvik er den nye heimen vår. Møvik Panorama. Her bur vi når vi har fri og samlar familie og vener. Her er det vér i alle fasongar, vind i alle retningar og styrker, fisk i havet, polert hav som kajakken kan gli gjennom, panoramautsikt så langt auga rekk, men først og fremst ein heim det er kjekt å komme til. Vi set stor pris på besøk. Det er ledig rom i herberget.
I vekene når vi arbeider bur vi på «hybel» i byen. Då slepp vi kø og har kortare veg til jobb. Set også pris på det urbane liv tett på.

Simon er halvvegs på musikklinja ved Kongshaug musikkgymnas. Han stortrivst både fagleg, musikalsk og sosialt. Skulen er ein internatskule. I år bur han saman med tre andre gutar i eiga leiligheit på skuleområdet. Det er eigentleg ikkje så mykje vi har sett til han denne hausten. Forstod kvifor etter ei stund …. Tangentane har etterkvart fått vel så stor interesse som strengane. Ventilane på trompeten har også blitt utforska i haust. «Dette har eg ikkje prøvd før, så det trur eg at eg vil klare» seier Pippi. Når neste julebrev blir skrive køyrer han bil åleine. Det har han sett fram til i 10 år! I mellomtida brukar han motorsykkelen sin som framkomstmiddel. Eit godt alternativt når ein bur litt i utkanten på Lepsøya. Når det gjeld kjærleiken får vi komme meir tilbake til det neste år J

Marte har funne den store kjærleiken i Vebjørn, ein triveleg sunnfjording. Om ikkje lenge flyttar dei inn i ny leiligheit på Bjerknes plass. Kjekt at dei vil bygge ei framtid i lag. Han er snart ferdig med sine ingeniørstudiar i undervannsteknologi. Marte er snart utdanna idrettspedagog, men kanskje det blir meir studiar?

I mars flytta Karina frå Stavanger til Bergen. Med seg på flyttelasset hadde ho sin Ole frå Egersund. Karina jobbar no ved eit bufellesskap medan ho ser seg rundt etter jobbar der ho i større grad får brukt sin fysioterapikompetanse. Ole er datamann, og jobbar med programmering. I haust flytta dei inn i ny leiligheit i Sædalen. Nær naturen, men likevel berre 15 min frå sentrum.

Olga sin jobb som nettredaktør i Norges  Musikkorps Forbund var grunnen til at vi byrja orientere oss sørover. Ho trivst godt i jobben, men pendling frå Førde vart litt langt, i lengda. Ho trenar fast eit par gongar i veka, og har fått kollegaer med seg. Å halde seg i form er viktigare og viktigare til eldre vi blir. Turar i skog og mark og på fjellet står også på agendaen og ho dreg med Frode til Fløyen rett som det er.  Ho likar også å skape og innimellom finn ho tid til kortlaging og blomsterdekorering. 

Frode er framleis i skuleverket, no som rådgjevar ved fagavdelinga i Askøy kommune. Ein kommune med stor vekst og dermed behov for nye skulebygg. Ein jobb med mange og utfordrande oppgåver saman med gode kollegaer. Musisering skjer mest på heimebane for tida, men fleire musikarar i kollegiet gjev høve til samspel på fleire plan. Nytt hus gjev også rom for den "steingalne". Muring og steinlegging er god avkobling for ein som sit mykje på kontor. Ein fisketur i skjærgarden rett utanfor døra er også god avkobling.

«Tider skal komme, tider skal henrulle. Slekt skal følge slekters gang». Når vi sjølv nærmar oss 50 er det ein naturleg konsekvens at våre foreldre også aldrast. Kroppane treng etterkvart litt service, men våre 3 på +/- 80 år er klåre i toppen. Det skal vi ikkje ta som ei sjølvfølge. I byrjinga av mars skal storfamilien til Aukra og feire Martin sin 80 års dag.

Vi set stor pris på gode møter med vener og familie i året som har gått. Vi har reist på lange og korte turar i lag, besøkt vener og familie, og ikkje minst fått besøk av mange. Det vil vil gjerne fortsetje med i 2014.

Stille natt - heilage natt!
Alt har svevn og mørker tatt.
Trufast vaker dei heilage to,
varsamt voggar dei barnet til ro.
Jorda tar Himlen i famn.

God jul og eit godt 2014 til alle!