søndag 8. juli 2007

Flott i Førde!


Debatten har igjen gått om kva som er Norge sin styggaste stad. Førde har igjen vore blant dei nominerte. Men kven er det som nominerere, og kven er det som meiner dette?

Vi er mange som bur her i Førde som ikkje opplever det slik. Kva gjer ein plass fin? Er vi glad i noko eller nokon klarer vi kanskje i sterkare grad å leite fram og framelske det gode og det vakre. Kanskje dei som gjer desse vurderingane ikkje har eit slik forhold til Førde.

Dei siste dagane har vi hatt Førdefestival med strålande vér. På laurdag var det opptog med ein frankofil ordførar i spissen. Det er kjekt å kunne vise fram byen vår i ei slik flott ramme, og eg trur det gjer mange av oss stolte.

Mens vi venta på opptoget sat eg på elvekanten saman med Simon (10). Han såg oppover elva og sa: -Du pappa, eg synst Førde er ein fin plass. (Han hadde ikkje fått med seg noko av den foregåande debatten).