fredag 23. desember 2022

Jula 2022

Det fine med juleblogg er at vi kan sjå tilbake på åra før som påminning om kva vi har gjort og kva vi har skrive. Ei intern minnebok som vi deler, og som de sjølvsagt er velkomen til å lese. Endringane er ikkje alltid så store, men livet treng ikkje vere kjedelig av den grunn.

Det var fint å kunne reise ut av landet igjen etter år med restriksjonar. I juni gjekk turen til Mallorca saman med Marte, Vebjørn, Sierra og Ruby. Fine dagar med sol og varme er godt for kropp og sjel. I september besøkte vi Costa Brava kysten. Denne gongen saman i godt selskap med Stig og Berit. 

Marte og Vebjørn sitt husprosjekt i Dale er sidan sist juleblogg blitt meir konkret med byggestart i 2023. 

På Brattholmen var årets høgdepunkt Tomine sin skulestart. For tida er dans viktigste fritidssyssel for henne og Ronja. Karina har også fått og tatt nye utfordringar som rettleiar for ungdom som treng hjelp til å komme tilbake til skulen. Padel ga slik meirsmak at eg kjøpte racketar til Ole og meg i bursdagsgåve til han. Vi har framleis til gode å slite dei ut.......

Endeleg vart det seriegull etter to sesongar bak Bodø-Glimt. Cupfinaleseier i mai var også ein høydare. 
At ellers så røde Simon ville vere med kamp varma også eit pappahjarte. Fotballtribuna blir ofte brukt til negative og ofte hatefulle ytringar til motstandarlaget. Å få møte sympatiske nordlendingar på stadion og i gatene var triveleg. Dette treng norsk fotball meir av.

Vi har hatt båt dei siste 20 åra. Usikker på om eg skulle skrive i eg-form sidan Olga meiner dette er mest mi greie. Har ikkje flagga båtlivet veldig høgt dei siste åra, men i sommar bytta vi ut Bellaen med ein Shark. Å ligge i stille havgap og sortere eigne tankar er balsam for sjela, men sjølvsagt også kjekt med selskap av store og små.
I oktober var det 5 år sidan Olga fekk kreftdiagnosen. Det er ikkje til å legge skjul på at cellegift og anna behandling set sine spor.  Å vere i jobb med ein kreftsjukdom er krevjande, og Olga er no 100% ufør. I fjor haust vart det også konstatert spredning til hjernen. Denne behandlast med gammakniv/strålekniv. Det skal ikkje mykje endring til i hjernen før det kan påverke vitale funksjonar. For Olga sin del gir det utslag på dårlegare balanse og finmotorikk. Kampen mot kreften er tøff, men legevitenskapen utviklar stadig ny behandling som gjev håp for framtid. 

Dei siste åra har det blitt ein vane å feriere til fjells for oss. Snytto i Myrkdalen har blitt ein fin samlingsplass for flokken, og i år blir det igjen felles julefeiring. Snøen har lagt seg, og vi har fått fine førjulsdagar i puddersnø. Sist julefeiring vart Besten gjennomskua som nisse, og han har ikkje fått fornya tillit. Det nye er visst imaginære nisser.....

Den kloke relasjonshøvdingen Jan Spurkeland har lært oss å skilje mellom "intensjonskanalen" og "feilsøkingskanalen". Byråkratiet, politikken og media har ein tendens til å leite etter feil, og mange av oss blir dratt med i den grøfta. Lat oss bruke 2023 til å vere meir på intensjonskanalen.

Med ønskje om ei god og velsigna julehøgtid til alle!

Ingen kommentarer: