laurdag 24. desember 2016

Jula 2016

I gamle dagar, då ungane var små, hadde vi nissefest i Flateneskogen på vesle julaftan. I år ville Karina ta tradisjonen opp igjen og inviterte til Haganes. Nisser var vi, og graut vart servert, men vi må innrømme at veret gjorde at vi  måtte evakuere innandørs. Ronja tok ansvar for sminken.

Ronja er blitt 2 år. Solstålen vår som bur saman med mamma, pappa og Tomine på Haganes, berre 15 minutt frå mommo og besten. Stor stas å kunne vere kvardagsbesteforeldre, hente i barnehage, vere barnevakt og få overnattingsbesøk. Storesøster er Ronja også blitt. Tomine kom til verda i oktober. Ikkje mindre stas å bli besteforeldre for andre gong.

Men også stas å ha born og svigerborn tett på. Haganesbrekko garasjebryggeri utvidar stadig teknologi og sortiment. Må innrømme at eg der er mest læregut. Ole jobbar framleis med IT, Karina har jobb som fysioterapeut i Sund kommune når permisjonen er over.

Som meldt i julebrev 2015 blir det bryllup til sommaren. Brudeparet er i rute med planlegginga, og vi ser fram til ei flott Sunnfjordhelg. Marte er lærar ved Gimle ungdomsskole i Bergen og studerer matematikk ved sida av. Viktig å ha fleire fagbein å stå på. Vebjørn reiser verda rundt og sørgjer for at oljeinstallasjonar virkar og får nødvendig vedlikehald.

Simon har brukt store delar av dette året til å tene fedrelandet. Han har hatt fine månader som sjåfør i luftforsvaret på Ørlandet. Når tenesta er omme i april blir det vel eit førebels opphald i Bergen før livet går vidare til ukjent stad og med ukjent innhald. Slik er det for mange ungdommar i dag. For mykje å velje i .......

I august feira vi mor og far sitt diamantbryllup. Flotte førebilete som begge har passert 80. Aktive pensjonistar som fyller dagane sine med mykje positivt innhald. Martins snikkarbu har framleis stor produksjon.

Begge storfamiliane våre set pris på å møtast til konfirmasjonar, jubileum og andre merkedagar som er verd å feire. Vi ser fram til nye møter i 2017.

Bloggaren runda sjølv 50 i sommar, men han kom seg aldri til å realisere kystfesten på Møvik som var i tankane lenge. I staden vart det ei signingsferd oppover kysten med stor grad av desentralisert feiring.

Arbeidsgjevar er framleis Askøy kommune. Askøyskolen er eit godt lag å vere fagsjef for. Mange dyktige medarbeidarar som kvar dag gjer sitt for å legge til rette for god læring og trivsel for elevane. "Mobbefri oppvekst" er eit håret mål vi har satt oss i Askøy. Heile landsbyen må gjere kva vi kan for at alle elevane skal oppleve ein mobbefri oppvekst på skule og i fritid.

Olga sin jobbkvardag handlar framleis om musikkorps. Vi endrar oss stadig i måten vi kommuniserer og held oss oppdatert i den digitale verda. Då må formidlaren også vere framoverlent for å henge med i utviklinga.

Sjølv om livet består mest av kvardagar er det viktig å stoppe opp og gje seg sjølv eit pusterom. Det kan vere ein ferie med gode vener, tur på fjellet eller holmetur i skjergarden rett utanfor stovevindauget. På Oppheim har vi funne vår vinterplass. Ein tur på oppoverski eller bortoverski gjev god påfyll av energi.


Julekvelden feirar vi i år hos Karina og Ole. Simon må vere på vakt, men ellers er vi alle samla.

Med ønskje om ei velsigna jul og eit godt 2017 til familie, vener og kjende.