torsdag 24. mai 2007

Far har vore til service


Tidlegare år snubla far og brakk lårhalsen. Den første operasjonen gjekk ikkje så bra og etter mange veker med smerte måtte han inn til ny service.

18.mai vart han operert på nytt og fekk satt inn hofteproteste. I dag vart han utskreven frå sjukehus og rapportane er veldig positive. Han køyrde sjølv bilen heim igjen!

Velkomen tilbake på beina!

Strykevott


Øyvind hadde tidlegare i mai eit innlegg om pragmatisk stryking av bunadsskjorter. http://oyvindhostaker.blogspot.com/2007/05/bunadsskjorte.html


Heime hos ho mor kom vi over eit godt hjelpemiddel - strykevott. Med votten på handa kan du stryke på frihand - utan eit einaste svimerke!

søndag 20. mai 2007

I medgang og motgang....

Mitt gamle storlag, Leeds united, spelar neste sesong på 3.nivå i det engelske ligasystemet. Ikkje det at eg har fulgt dei så tett dei siste åra som eg ein gong gjorde, men laget har ein plass langt der inne.
Kva som gjer at ein vel seg det eine eller andre favorittlaget har vel mange forskarar prøvd å finne svar på. For min del kunne det umogleg vere farga på drakta (sjølv om eg er fargeblind).
Men etter regn kjem det alltid sol.......


Eit lite søk på motgang på www.ordtak.no ga desse treffa
Medgangen avslører lastene, motgang dydene.
Søk dine venner oftere i deres motgang enn i deres medgang.
Når vi har medgang, kjenner våre venner oss.
Når vi har motgang, kjenner vi våre venner.
Man er ung så lenge man fortsatt kan lære nye vaner og tåle motgang.
Uten motgang vet en mann neppe om han er hederlig eller ikke.
Kjærligheten blir større og edlere i motgang.
I våre venners motgang finner vi alltid noe vi ikke direkte misliker.
Nesten alle kan tåle motgang, men vil du prøve en manns karakter, så gi ham makt.
Medgang gir venner, men motgang prøver dem.
La oss være ved godt mot, for husk at den motgang som er tyngst å bære, er den som aldri kommer.
Uten motgang ville han aldri kommet så kort.
Til sin venn skal man komme buden i medgang og ubuden i motgang.
Medgang avler motgang.
Den søte melk når motgang svir din hud - filosofi.
En optimist er en som alltid kan se det positive i andres motgang.

Leeds united sin supportarklubb i Norge (desse kan ikkje kallast for medgangs-supportarar):
http://www.luscos.com/view_frontpage.asp

måndag 14. mai 2007

God barnevakt


Den beste barnevakta vi har skaffa oss er DVD i bilen. Før vart Simon både utolmodig og lei når vi var på langtur. No høyrer vi berre ei latterkule inn i mellom.

søndag 13. mai 2007

Elise


I helga har vi vore i Molde og konfirmert fadderbornet vårt, Elise. Ei strålande helg, ein praktfull by og ein flott konfirmant.

Familie på begge sider var fulltallig samla til fest laurdag ettermiddag.

Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Røbekk kyrkje.


Takk for ei flott helg, Elise!

laurdag 5. mai 2007

"Summer-look"


Det nærmar seg sommar og det er på tide å gjere klar "Summer-looken". Ego og Frode nabo vart klipt av Olga ute i hagen i ettermiddag.


Frode nabo skulle i konfirmasjon og hadde fått klar beskjed frå Therese om å fiffe opp sveisen. Ho sat i bakgrunnen og kommanderte.....


Frode nabo var så langhåra at klippemaskina køyrde seg fast og måtte få overhaling.


Men begge var klipt og er no klare for mange, lange, varme sommardagar.

torsdag 3. mai 2007

Jenny 100 år!


....og like sprek!


25.april fylte bestemor mi 100 år.

Ho bur fortsatt heime på Aukra i eige hus, og er uforskamma frisk og klar i toppen.


Dagen vart feira med familie i påska.

På sjølve dagen hadde ho ope hus og mange vener, slekningar og naboar tok turen innom.


Og så fekk ho brev frå kongen!


Eg er stolt av bestemor mi!

onsdag 2. mai 2007

Grillsesongen i gang


I dag har vi starta grillsesongen. Fantastisk vær med god temperatur i solveggen. Øyvind, Frida og Mats kom på besøk. Torunn måtte jobbe :(


På menyen stod svin, kylling, pølser og bacon. Noko for ein kvar smak. I følge Øyvind ga Olga sin salat ein forsmak på Grekenland.


Eg vil berre gjere merksam på at dette er eit illustrasjonsfoto. Fotografen glimra med sitt fråvær.

tysdag 1. mai 2007

Vanskeleg å finne ord....

til å beskrive kor flott det var i Jotunheimen i helga.

Saman med Olga, Marte og Simon har vi hatt ei flott langhelg i Jotunheimen med base på hytta på Lemonsjøen.

Søndag og måndag reiste vi inn på toppen av Valdresflya og gjekk i retning Rasletind. Flott føre, strålande sol og vindstille. Med andre ord: Sommarski!

Vi fann oss base eit stykkje opp i bakken der vi la oss godt til rette med god proviant.

Tysdag reiste vi heim om Sognefjellet der vi stoppa ved Sognefjellshytta.

Spesielt kjekt at ungane også satte pris på dagane. Det er ikkje alle 10.klassingar som vel ski og snø i desse vårdagar. Men det har vel kanskje noko med at brunfargen kjem raskare i høgda....?

Bilete frå soling, tindar, telemarknedslag i hoppbakken m.m. kjem snart.