søndag 21. juni 2009

På leir

I helga har eg vore på Nesholmen på leir. Avreise rett etter at vi har sendt elevane på sommarferie. Kvifor då frivillig velje å møte "dei same elevane" igjen på leir? Det er travelt, kjekt, men mest av alt gjevande. Å få vere saman med desse "twinarane" (= between barn/ungdom) gjev meg mykje, og eg får høve til å gje vidare noko av det som er viktig for meg. Oddvar arrangerte m.a. eit flott leir-OL. Viss det er lenge sidan du var på leir kan du her sjå og mimre litt.

torsdag 18. juni 2009

Slepp ungdommen laus!

I kveld var i Naustdal og fekk med oss musikkspelet til 10.klasse. Are (fadderbornet vårt) var ein av frontfigurane.
Kjekt å oppleve så mykje entusiasme og speleglede. Alle var på scena. Til og med dei tøffe fotballgutane dansa "boyband-dans" med opne skjorter!

søndag 14. juni 2009

Uteliv


Denne helga starta Simon og Mats utelivet. Første overnattinga tok dei ute på trampolina. Dei sovna relativt fort, og sov eit godt stykke ut på morgonkvisten før dei pakka saman og avslutta natta innandørs.

laurdag 13. juni 2009

Ut i det blå


Eg oppdagar stadig nye perler i eige fylke som eg ikkje visste om. I går (og i natt) var vi på blåtur til Yrineset ved Oldenvatnet (http://www.yrineset.no/). Takk til 5.steget som tok oss med.

Eg lar meg begeistre...

.
Den siste tida er eg blitt meir og meir begeistra for musikken til Coldplay. Det er nesten slik at eg misunner Marte konsertbilletten ho har til konserten i Bergen i august. Det er også spennande når songar blir gjort i ulike versjonar som t.d. denne:

måndag 8. juni 2009

Apropos kjærleik....


Ein sein kveldstime traff eg Arvid på handletur på Rimi. Han lurte på om han skulle kjøpe blomster til sin kjære frå tilbodstorget.....

Ung kjærleik


Kva kan vere vakrare enn to unge som har funne den store kjærleiken i livet, og satsar slik på den at dei vel å gifte seg.

I helga fekk vi ta del i Eirik (vårt fadderbarn) og Caroline sitt flotte bryllaup i Bergen. Eit strålande vær laga ei flott ramme for eit strålande brudepar.

Nokre reagerer kanskje litt undrande til at så unge vel å gifte seg. Men hadde dei same kome og sagt at dei skulle flytte saman blir vi ikkje lenger overraska. Samstundes vil mange meine at eit sambuarskap er like forpliktande som eit giftarmål. Eit lite tankekors?

Lukke til med samlivet, Eirik og Caroline!