torsdag 23. desember 2010

Første skitur på mange år

Far har ikkje vore på ski på mange år. Dårleg kne og hofte har sett stoppar for slike fysiske utfaldingar. Etter ein vellukka kneoperasjon har han no
kasta krykkene. Når han i dag fekk invitasjon til skitur tok han utfordringa. Trikkeskinnene på Langeland var ein god stad å ta opp igjen skikarriera. Takk for turen.



-From my iPhone

fredag 15. oktober 2010

Sykkelturar i fjellheimen

Seinhausten er flott i fjellheimen. Eg og Simon har hatt fine haustferiedagar med sykkelturar. I dag har vi sykla langs Tesse (fjellvatnet). Ved ei grind hadde vatnet frose til is. Medan S leika der kom ein hest opp på andre sida av grinda. S var i si eiga verd og var ikkje obs på hesten. Han fekk seg ein støkk då han snudde seg og stod ansikt til ansikt med hesten


- Posted using BlogPress from my iPhone

laurdag 10. juli 2010

Førdefestival

I ettermiddag har vi vore på eit fyrverkeri av ein konsert med 12 blåsarar og trommeslagarar frå Serbia. Utescena på Festplassen var ei fin ramme for konserten med Boban i Marko Markovic Orkestar.


Dei siste åra har vi vore vekkreist under festivalen, og det har difor i år vore kjekt å få med seg mykje av programtilbodet. Eg merkar meg at lyd, lys og bildproduksjonen er av høg kvalitet. Likeeins synst eg det er spanande at det blir opna for artistar som smeltar ulike sjangrar og på den måten opnar festivalen for fleire. Når grupper og artistar kan komme rett frå Roskildefestivalen for å delta her, viser at fokuset er meir på kvalitet enn kva
musikalsk riktig bås ein høyrer til. Simon har vore med på fleire av konsertane, og er også med som riggehjelp. Festivalen gjer meg til ein stolt førdianar!


-- Post From My iPhone

laurdag 3. juli 2010

Dagens duppedings

Har du tette røyr kan dagens duppedings hjelpe. Denne roterande spylaren set du på hageslangen og puttar den så langt inn i røyret du kjem. Duppedingsen spyler reint, løyser opp og opnar det som var tett. Biltema til vel 50 kr. NB! Ikkje til innvortes bruk.





-- Post From My iPhone

torsdag 6. mai 2010

Vårstemning

I dag vakna vi til skikkeleg vårstemning på Flatene. Eg høyrde plogskjer mot asfalt oppe i lia, men trudde kanskje det var anna enn snø dei skrapa. Får håpe krokusen ved leikehytta tåler dette.


-- Post From My iPhone

søndag 14. mars 2010

Dagens middag

Kva får vi til middag ved å blande potetmos, kveitemjøl, byggmjøl, havregryn og vatn?


-- Post From My iPhone

laurdag 20. februar 2010

Åtvaring

Dette er ei åtvaring til dei som skulle bli freista til å vere kreativ når det gjeld innreiing av baderom. Då vi bygde for 17 år sidan støypte vi badekar i hjørnet. Dette var kjekt så lenge borna var små. Når dei ikkje er det lenger og vi ønskjer å fjerne byggverket, angrar eg på at eg ikkje valde ein annan konstruksjon....


-- Post From My iPhone

fredag 19. februar 2010

OL for alle

Det er ikkje tvil om at OL femnar alle. Fytti katta kor spennande!



-- Post From My iPhone