måndag 23. desember 2024

Jula 2024


“Vi gløymer deg aldri” står på gravsteinen til Olga, og minner oss om at ho alltid vil vere med oss. I fjor på denne tida var ho med oss på hytta. Vi merka då at kreften i hjernen var i ferd med å ta overhand, men vi hadde likevel ei fin tid ilag fram til ho døydde 4.februar. Ei veke før var vi i på “Fargespill” si framsyning i Grieghallen. Det er godt å vite at Olga levde godt heilt fram. 

2024 vart difor eit år fylt av sorg, sakn og gode minner. Gravferda 16.februar der familie og vener var med oss har satt djupe spor. Sommarfuglen er symbol på liv og oppstandelse, og vart brukt av Maria i gravferda. Olga brukte sjølv sommarfuglen som symbol i helsingar til andre: Kjærleiken er som ein sommarfugl; held du den for hardt mister den vengene sine, held du den for svakt flyg den sin veg”. Det var fint å vere sommarfugl saman med Olga.




Det er uvant å skrive “eg”, ikkje “vi”. Heldigvis tek eg meg framleis i å seie vi og oss, og flokken er også eit kjært “vi”. Det året vi mista Olga kom Bondi. Sierra og Ruby fekk ein bror i slutten av oktober. 

Far runda 90 i mars på bursdagen til Olga. Det var fint å vere heime og markere dagen sjølv om vi tok feiringa på forskot der også Olga fekk vere med. Mor kjem etter til hausten. Svigermor Eli har eit lite forsprang på dei. Alle 3 har vitet i behald, men merkar godt at kroppane har levd i mange år.


Moldejazz i sommar vart ei fin oppleving saman med gode ven, Stig. Konsert med Jacob Collier var eit av høgdepunkta. Om du ikkje har høyrd "Little blue” må du gjere det her. I august fekk eg også endeleg tatt turen til Lofoten saman med Simon og seinare i september prøvd meg på åleinetur for første gong. Åleine er ikkje alltid det same som å vere einsam, men det blir kjekt å reise med heile flokken til Mallorca i sommar.


Det var fint å komme tilbake på jobb etter påske. Skolekontoret i Askøy er ein fin plass å jobbe både fagleg og sosialt. Fint å ha fleire flokkar å høyre til, særleg når livet buttar imot. Ein anna flokk er LokalVokal som hadde julekonsert i byrjinga av desember.


Det framkallar både gode og såre minner når vi også i år feirar jul ilag på Snytto. Snøen har lagt seg fint, og vi har hatt fleire fine dagar på ski. I år satsar vi på ein flott skisesong for alle. Veslejulaftan er det som vanleg graut med mandlar. Reglane endrar seg frå år til år. I år er det 20 mandlar i gryta. Vi trekker lag og samlar mandlar. Når gryta er tom trekker vi vinnartalet, og det laget som har like mange mandlar har vunne 🙂

“Midt i alt som er”, skrevet av Oslo sin nye biskop Sunniva Gylver, gjev eksistensiell beredskap i møte med livet på godt og vondt. Det siste året før mannen hennar døydde av kreft, sa han at han ikkje var redd for å døy, men redd for å bli gløymd. Det er fint å oppleve at mange hugsar på Olga saman med oss. Stig avslutta minnestunda med å lese diktet han hadde skreve til Olga. Dette får stå som eit komma, når vi ønskjer kvarandre ei velsigna jul og eit godt 2025. For Olga ville at vi skulle leve vidare, med dei gode minna vi har med oss.