Vind og regn piskar mot vinduet denne
veslejulaftanmorgonen. Men vi har lært oss å leve med vind og ver i alle
fasongar her på vestkysten.
Livet er som veret; fullt av kontrastar.
Ein av dei mørke kontrastane har vi fått oppleve i haust. Olga si vonde skulder
som vi lenge trudde var senebetennelse viste seg å vere ein kreftsvulst som
hadde spredd seg frå brystet. Denne
beskjeden kom tidleg i oktober, og dei tre siste månadane har dette vore det
viktigaste. Olga er i dei beste medisinske hender, og får no behandling med
cellegift og antistoff.
![]() |
#lykkeland |

(Ein liten digresjon:
Eg har alltid vore glad i utropsteiknet. Etter invasjonen av smiles, likes og emojies opplever eg at det har mista litt av sin kraft……).

![]() |
Julefoto av favorittane |
I vår tok eg valet om
å seie frå meg stillinga som sjef for Askøyskolen. Eit ønskje om å leve meir og
jobbe mindre låg bak. Høvet til å gå tilbake til rådgjevarstillinga eg hadde
opprinneleg gjorde valet enklare. Kjekt å få jobbe vidare med så mange dyktige
kollegaer og skulefolk.
![]() |
Over skoddehavet på Segla |
Vi har mykje å vere
takksame for, sjølv om Olga sin sjukdom gjer at vi blir minna om at ingen veit
kva framtida bringer. Men vi kryssar fingar og folder hender, og veit at mange
gjer det med oss. Det set vi stor pris på. Nye undersøkingar på nyåret vil vise
om medisinane har virka.
Julekvelden skal vi
feire saman med Simon. Lavt immunforsvar gjer at det ikkje er lurt med for
mange smittekjelder i nærleiken. Karina og gjengen kjem tilbake frå julefeiring i
Egersund, og vi håpar å få nyårshelga i lag. Marte og Vebjørn mellomlandar her
2.dag før dei flyg vidare på nyårsferie til Australia.
Ønskjer med dette
alle ei velsigna juletid, og eit godt 2018 når det kjem.
Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt
Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar