torsdag 31. desember 2009

Dette hadde eg ikkje trudd.....


.... at eg igjen skulle få gå rundt Gjøset saman med alle tre borna mine. Men vi fekk ein flott tur på årets siste dag. Karina sin skikarriere har lege i dvale dei siste åra, men med nytt utstyr og Beitostølen i sikte seinare i år har ho starta opptreninga.
Marte har alltid vore ein "stayer" i skiløypa - viss ho berre vil. Når ho no klarte å finne tid innimellom kjærleg og handball viste ho at ho også i skiløypa kunne hatt ei strålande karriere framfor seg.
Simon går også godt, berre han har nokon å vise seg fram for. Og med to søstrer på tur kunne han i dag innta intruktørrolla.
Gamlefar er berre glad for å kunne avslutte 2009 med ein slik flott tur, og håpar 2010 kan byrje på same måte.
Godt 2010 til alle!

tysdag 22. desember 2009

Juleblogg 2009

Solveig Slettahjell er ein av julefavorittane i huset. Ny innpakning kan ofte opne augene for innhaldet i dei gamle kjente julesongane. Kvart år kjem det nye innpakningar. Spotify har vore ein av mine store oppdagingar i året som gjekk. Eit lite søkeord, og vips har du treff på det meste av det beste. Og slik har det blitt: Det er ungdommane som viser veg. -Sjå her pappa, dette må du vite om.

Karina er halvvegs i 2.studieår på vegen til å bli fysioterapeut. Ho er ein ivrig og dyktig student. Mykje skal lesast, og mykje skal forståast for å kunne kna og tøye kroppane våre på rett vis. Ho studerer i Bergen og då er vegen ikkje lenger enn at vi får ein del treff gjennom året. Etter nyttår ventar veker i praksis. Då må ho forlate venninnekollektivet med gode barndomsvener for ei stund. (http://www.karinasolemdal.blogspot.com/)
Marte er også på veg ut av reiret. Etter 3 år på Media og kommunikasjon går vegen truleg vidare til folkehøgskule ein eller anna stad i landet. Handballen tek fortsatt mykje tid, og ny trenar i haust ga ny giv. Men med jobb på bokhandel og kjærast i Dale er det mykje ho skal få tid til gjennom ei veke. Ho trivst godt med fotoapparatet, og har hatt det med seg på sine reiser til Spania, Egypt og London det siste året.
Det blir litt rart å berre sitje igjen med minstemann Simon, som ikkje er så liten lenger. I haust byrja han på ungdomsskulen og er blitt tenåring. Musikk er ein viktig del av livet til Simon. Han spelar gitar og er vokalist i "Low Battery". Lærar Jakob har i haust lært han nye triks og grep på gitaren, og han øver ivrig. Innimellom set han seg også ved pianoet og leitar fram klangar.
(http://www.klemmekroken.blogspot.com/)

Eit av årets høgdepunkt var turen til Hellas. I år var det ekstra kjekt med feiring av Torunn og Øyvind sitt sølvbryllup saman med mange gode vener. Eit minne for livet. Før vi reiste dit var vi saman med min familie på Hermon høgfjellsenter og feira 150 år for mor og far. Lotsberg er ofte ein samlingstad for Olga sin familie om somrane. I år fann vi også tid til ein novembertur til Solkysten. Godt med sol og varme og ladding av batteri. Men vi treng ikkje reise langt for å få gode opplevingar. Fjella rundt Førde er flotte både sommar og vinter. Og så har vi hytta på Lemonsjøen. Ein stad å koble av frå kvardagen.

Olga er etter ei periode på Nynorsk Mediesenter tilbake som vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane. Kjekke men hektiske dagar på jobb. 3-4 treningsøkter pr. veke må ho ha. Dei kreative sidene av seg får ho ut gjennom scrapping. Bloggen hennar er også verdt ein besøk: http://www.olgawergeland.blogspot.com/.

Frå dette skuleåret er eg rektor ved Flatene skule. Hektisk men veldig kjekt saman med gode og dyktige kollegaer. "Karafotball" i gymsalen må eg ha med meg eit par gonger i veka. Når snøen no er komen ser eg fram til både bortover- og nedoverski. Kvar sommar har eg som regel eit steinprosjekt. I år vart det ny mur og skifer mellom huset og garasjen. Musikk blir det for lite tid til, men eg er manager for "Low Battery" :)

Truls flytta inn i Flatene 85c i haust. Ein roleg, gråspragla, langhåra katt som er til stor glede for alle. Kven skulle tru at eg kunne skrive dette etter å ha vore prinsippiell motstandar mot dyr i huset i mange år.

Livet byr på både gleder og sorger. I november tok vi avskjed med bestemor på 102 år. Ein fin og verdig avskjed med ei flott dame som fekk leve mange gode år.
"Eia var vi der", tonar Solveig ut med. Det handlar om å vere tilstades i livet for kvarandre. Og for meg handlar det også om å sjå jula sitt eigentlege innhald i all den flotte innpakninga vi gir den.

God jul til alle!

søndag 20. desember 2009

Årets første skitur

Snøen har lagt seg og det er tid for å ta fram skia. På Langeland er forholda fine sjølv om det ikkje er mykje snø i traseane. 5 km er det no lys, og det er laga ei løype som gjer at du kan ta ein liten snarveg om du ønskjer.


-- Post From My iPhone

onsdag 16. desember 2009

Stjernelaget!


Far har vore med på matkøyring til pensjonistar i kommunen i 10 år. I år fekk han og resten av gjengen Romdals Budstikkes julestjerne som teikn på flott innsats for andre.

Les meir her

torsdag 3. desember 2009

Klokskap


Då er eg heime igjen etter tre nye dagar på "Rektorskule". Den siste dagen hadde vi besøk av Paul Otto Brunstad som har skreve boka "Klokt lederskap - mellom dyder og dødssynder".

Sitat:
Dårlig lederskap skyldes primært ikke mangel på kunnskap, men klokskap. Faglig innsikt og kunnskap er viktig, men ikke tilstrekkelig for å bli en god leder. Alt kan nemlig gjøres riktig i henhold til regler og prosedyrer, likevel går det meste galt. Hvorfor? Dårlig lederskap skyldes primært ikke mangel på kunnskap, men klokskap. Klokskap er evnen til å handle og til å treffe riktige avgjørelsene i konkrete sammenhengene.


Det handlar om ikkje alltid å gjere tingene rett, men om å gjere dei rette tingene.

Dette handlar ikkje berre om leiarskap, men også om det å vere menneske.

Julegåvetips?