Flokken vår |
I år tjuvstarta vi julefeiringa sidan det er andre som med rette også skal ha ein del av vår flokk. Å vakne søndag før jul og ha kjensla av 1. juledag var fint. Ingen stress. Kan tilrådast!
Livet er fullt av milepælar. I starten ligg alt framfor. Etterkvart meir balanse mellom framblikk og tilbakeblikk. Men uansett alder må vi aldri slutte å sjå framover. Men mest av alt leve her og no.
I julebloggane dei to siste åra har vi delt om Olga sin kreftsjukdom som kom kasta på oss hausten 2017. Ein milepæl som sjølvsagt har prega oss, men som likevel ikkje har overskugga alt. I april registrerte legane ei lita endring i brystet, og tilrådde difor nye veker med cellegift som var avslutta i oktober. Behandlinga verkar bra, men er sjølvsagt tøff for kroppen. Men Olga meistrar godt å leve med sjukdommen. Ho trenar seg opp igjen. Bra for både kropp og sjel. Ho strikkar mykje, ei god avkobling når kroppen elles treng kvile. I år vart det mange mjuke pakkar under treet.
Ronja i løypa! |
Møvik Panorama har forøvrig ledig kapasitet for dei som vil komme på besøk. Å kunne veksle mellom byliv, kystliv og fjelliv er eit privilegium.
Godt selskap på Rhodos |
I juli fekk vi vere med i Frida og Håvard sitt eventyrbryllup i Montenegro. Prest og kantor fekk framføre Trygve Skau sin "Våpendrager". Gode og viktige ord også for oss som har delt livet i lag i mange år:
Forteljaren |
Tur til Stadt |
I Julebloggen 2018 gjorde vi opp status i familien. Ikkje dei store endringane, men Simon har fått si Silje tilbake til Bodø, og dei har flytta under same tak. Karina og Marte er begge deltidsstudentar.
Julefeiring del 2 skal vi ha saman med Simon og Silje. Når dei reiser sørover til Karmøy set vi oss i bilen i retning Nordfjord og seinare Romsdalen. Kjekt å besøke foreldra våre som i midten av 80-åra framleis bur heime og har vitet og humøret i behald.
Med ønskje om ei velsigna julehøgtid for alle!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar