søndag 23. desember 2018

Jula 2018


I fjor på denne tida piska vind og ver mot vindauga på Møvik. I år er det kvitt vinterlandskap som møter oss utafor hyttevindauget i Hemsedal. Og når vi har heile flokken vår samla er livet særleg lyst og fint.

Slik var ikkje livet då julebloggen vart skrive i fjor. Olga fekk kreftdiagnosen i oktober og vekene fram til jul var av dei mest krevande vi har opplevd i våre liv. Men utover vinteren 2018 var tilbakemeldingane frå legen meir og meir positive og Olga kunne avslutte cellegift behandlinga i slutten av februar. Etter det har ho kvar 3.veke fått antistoffbehandling som held kreftcellene i sjakk. Så langt har ho respondert godt på denne behandlinga, og når ho i går kunne spenne på seg skia igjen var det nok ein milepel på vegen tilbake til det normale. «Normalt» blir det aldri, men kva er eigentleg det?

Blar vi tilbake på dei siste Julebloggane, er desse prega av gleda over barnebarna sine inntog i liva våre. Ronja på 4 er det store forbildet for veslesøster Tomine på 2.  Tomine hermar, og fleire og fleire ord festar seg i vokabularet. Til sommaren kjem nr. 3. Då ventar Marte og Vebjørn sin første.

Ein juleblogg må ha ein visst oppsummerande karakter:

Adresse:

Frode og Olga: framleis Møvik og Bergen

Karina, Ole, Ronja og Tomine: Flytta frå Haganes til Straume i mai. (Enno meir tilgjengeleg for besteforeldre som vil stikke innom).

Marte og Vebjørn: Held framleis hus på Slettebakken.

Simon og Silje: Simon framleis i Bodø. Silje flytta i haust heim til Karmøy (praksis).

Jobb/skule/barnehage:

Simon: Framleis i Forsvaret. Frå januar 3 mnd på befalskule. Tek også studiepoeng (øk/mark/led) i tillegg.

Silje: 2.år på Politihøgskulen. Praksis heime på Karmøy dette året. Tilbake i Bodø til hausten.

Marte: Har fått fast jobb på Gimle ungdomsskole der ho har jobba dei siste åra. Starta i haust på master i spesialpedagogikk (deltid). Blir av dei mest velutdanna i familien når ho er ferdig.

Vebjørn: Reiser framleis jorda rundt for å ordne oljeinstallasjonar for Slumberger. Mest under vatn, utan sjølv å vere der.

Karina: Jobbar som fysioterapeut for barn og unge i Sund kommune, som neste år skal bli ein del av nye Øygarden kommune.

Ole: Har hatt eit lite år i IT avdelinga i fylkeskommunen. Tilbake til gamlejobben frå januar. Kjekt å vere ønska tilbaka.

Ronja: I avdeling «Villsauane» i Gardstunet barnehage på Fjell. Er snart i kategorien «dei viktige kontinuitetsberarane».

Tomine: I avdeling «Grisebingen», og er vel framleis å rekne som ein fersking?

Olga: Frå august tilbake i jobb som nettredaktør i Norges Musikkorps Forbund.

Frode: Rådgiver i fagavdeling skole i Askøy kommune i eit ekstraordinært godt fagleg og sosialt miljø.

Har gjort:


- Vårtur til Barcelona.
- Maitur til Bodø. Første gong minstemann var vertskap for sine foreldre.
- El-bil tur langs vestlandskysten for å besøke Eid og Aukra.
- Ei veke på Rhodos i haust saman med Karina & co var balsam for sjela.

- Turar «heim» til Førde for å besøke folk som betyr mykje for oss.
- Frode var saman med Øyvind på kitekurs i Kroatia i vår. 50 år ingen hindring …..

For ikkje å gløyme garasjebygging. God rekreasjon for ein som sit mykje framfor skjermen. Snart i mål.

Våre foreldre, Eli, Synnøve og Martin, er alle godt opp på 80-talet. Litt service må til. Synnøve ventar over nyttår på eit inngrep for å få pacemakeren til å virke slik den skal. For Eli var det dramatisk for nokre dagar sidan då hjartet stoppa å slå. Men pacemaker er no installert, og ho blir betre dag for dag. Vi er glade for å ha foreldre som bind saman.

Kvar vi bur og kva vi gjer er sjølvsagt ein viktig del av liva våre. Men vel så viktig er kven vi er. Når livet buttar mot er dette ein viktig dimensjon som kjem enno tydelegare fram. Ikkje alltid like enkelt å setje ord på, men likevel ofte banalt enkelt: 
«-Den beste medisinen for mennesker er omsorg og kjærlighet.
-Hva om den ikke virker?
-Øk dosen.»

Dette har vi fått oppleve i stort monn det siste året både frå kollegaer, vener og familie. Takk!

Mengder av informasjon flyt forbi oss dagleg. Enkelte er også flink til å stoppe opp og reflektere. Deler i år Hanne Skartveit sine kloke ord
«Julens budskap er håpet. I julefortellingen ligger begreper som nåde. På sitt beste er julen tiden da vi forsoner oss med vår egen skrøpelighet. Tilgir oss selv våre feil, aksepterer at vi ikke alltid er den beste versjonen av oss selv. Tenker gjennom hva som er viktig i livet, og hva som ikke betyr så mye.»

God jul og eit godt 2019 til alle!

1 kommentar:

Kristin sa...

Julebloggen din er en fin tradisjon. Kjekt å lese. Gode juledager videre på fjellet.