torsdag 31. desember 2009

Dette hadde eg ikkje trudd.....


.... at eg igjen skulle få gå rundt Gjøset saman med alle tre borna mine. Men vi fekk ein flott tur på årets siste dag. Karina sin skikarriere har lege i dvale dei siste åra, men med nytt utstyr og Beitostølen i sikte seinare i år har ho starta opptreninga.
Marte har alltid vore ein "stayer" i skiløypa - viss ho berre vil. Når ho no klarte å finne tid innimellom kjærleg og handball viste ho at ho også i skiløypa kunne hatt ei strålande karriere framfor seg.
Simon går også godt, berre han har nokon å vise seg fram for. Og med to søstrer på tur kunne han i dag innta intruktørrolla.
Gamlefar er berre glad for å kunne avslutte 2009 med ein slik flott tur, og håpar 2010 kan byrje på same måte.
Godt 2010 til alle!

tysdag 22. desember 2009

Juleblogg 2009

Solveig Slettahjell er ein av julefavorittane i huset. Ny innpakning kan ofte opne augene for innhaldet i dei gamle kjente julesongane. Kvart år kjem det nye innpakningar. Spotify har vore ein av mine store oppdagingar i året som gjekk. Eit lite søkeord, og vips har du treff på det meste av det beste. Og slik har det blitt: Det er ungdommane som viser veg. -Sjå her pappa, dette må du vite om.

Karina er halvvegs i 2.studieår på vegen til å bli fysioterapeut. Ho er ein ivrig og dyktig student. Mykje skal lesast, og mykje skal forståast for å kunne kna og tøye kroppane våre på rett vis. Ho studerer i Bergen og då er vegen ikkje lenger enn at vi får ein del treff gjennom året. Etter nyttår ventar veker i praksis. Då må ho forlate venninnekollektivet med gode barndomsvener for ei stund. (http://www.karinasolemdal.blogspot.com/)
Marte er også på veg ut av reiret. Etter 3 år på Media og kommunikasjon går vegen truleg vidare til folkehøgskule ein eller anna stad i landet. Handballen tek fortsatt mykje tid, og ny trenar i haust ga ny giv. Men med jobb på bokhandel og kjærast i Dale er det mykje ho skal få tid til gjennom ei veke. Ho trivst godt med fotoapparatet, og har hatt det med seg på sine reiser til Spania, Egypt og London det siste året.
Det blir litt rart å berre sitje igjen med minstemann Simon, som ikkje er så liten lenger. I haust byrja han på ungdomsskulen og er blitt tenåring. Musikk er ein viktig del av livet til Simon. Han spelar gitar og er vokalist i "Low Battery". Lærar Jakob har i haust lært han nye triks og grep på gitaren, og han øver ivrig. Innimellom set han seg også ved pianoet og leitar fram klangar.
(http://www.klemmekroken.blogspot.com/)

Eit av årets høgdepunkt var turen til Hellas. I år var det ekstra kjekt med feiring av Torunn og Øyvind sitt sølvbryllup saman med mange gode vener. Eit minne for livet. Før vi reiste dit var vi saman med min familie på Hermon høgfjellsenter og feira 150 år for mor og far. Lotsberg er ofte ein samlingstad for Olga sin familie om somrane. I år fann vi også tid til ein novembertur til Solkysten. Godt med sol og varme og ladding av batteri. Men vi treng ikkje reise langt for å få gode opplevingar. Fjella rundt Førde er flotte både sommar og vinter. Og så har vi hytta på Lemonsjøen. Ein stad å koble av frå kvardagen.

Olga er etter ei periode på Nynorsk Mediesenter tilbake som vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane. Kjekke men hektiske dagar på jobb. 3-4 treningsøkter pr. veke må ho ha. Dei kreative sidene av seg får ho ut gjennom scrapping. Bloggen hennar er også verdt ein besøk: http://www.olgawergeland.blogspot.com/.

Frå dette skuleåret er eg rektor ved Flatene skule. Hektisk men veldig kjekt saman med gode og dyktige kollegaer. "Karafotball" i gymsalen må eg ha med meg eit par gonger i veka. Når snøen no er komen ser eg fram til både bortover- og nedoverski. Kvar sommar har eg som regel eit steinprosjekt. I år vart det ny mur og skifer mellom huset og garasjen. Musikk blir det for lite tid til, men eg er manager for "Low Battery" :)

Truls flytta inn i Flatene 85c i haust. Ein roleg, gråspragla, langhåra katt som er til stor glede for alle. Kven skulle tru at eg kunne skrive dette etter å ha vore prinsippiell motstandar mot dyr i huset i mange år.

Livet byr på både gleder og sorger. I november tok vi avskjed med bestemor på 102 år. Ein fin og verdig avskjed med ei flott dame som fekk leve mange gode år.
"Eia var vi der", tonar Solveig ut med. Det handlar om å vere tilstades i livet for kvarandre. Og for meg handlar det også om å sjå jula sitt eigentlege innhald i all den flotte innpakninga vi gir den.

God jul til alle!

søndag 20. desember 2009

Årets første skitur

Snøen har lagt seg og det er tid for å ta fram skia. På Langeland er forholda fine sjølv om det ikkje er mykje snø i traseane. 5 km er det no lys, og det er laga ei løype som gjer at du kan ta ein liten snarveg om du ønskjer.


-- Post From My iPhone

onsdag 16. desember 2009

Stjernelaget!


Far har vore med på matkøyring til pensjonistar i kommunen i 10 år. I år fekk han og resten av gjengen Romdals Budstikkes julestjerne som teikn på flott innsats for andre.

Les meir her

torsdag 3. desember 2009

Klokskap


Då er eg heime igjen etter tre nye dagar på "Rektorskule". Den siste dagen hadde vi besøk av Paul Otto Brunstad som har skreve boka "Klokt lederskap - mellom dyder og dødssynder".

Sitat:
Dårlig lederskap skyldes primært ikke mangel på kunnskap, men klokskap. Faglig innsikt og kunnskap er viktig, men ikke tilstrekkelig for å bli en god leder. Alt kan nemlig gjøres riktig i henhold til regler og prosedyrer, likevel går det meste galt. Hvorfor? Dårlig lederskap skyldes primært ikke mangel på kunnskap, men klokskap. Klokskap er evnen til å handle og til å treffe riktige avgjørelsene i konkrete sammenhengene.


Det handlar om ikkje alltid å gjere tingene rett, men om å gjere dei rette tingene.

Dette handlar ikkje berre om leiarskap, men også om det å vere menneske.

Julegåvetips?

tysdag 17. november 2009

102 gode år til ende

I går fekk vi melding om at bestemor Jenny var død. Sjølv om vi dei siste vekene har vore budd på å få denne meldinga, er det likevel trist. Men først og fremst sit vi igjen med gode minner om eit godt menneske som fekk levd eit langt og innhaldsrikt liv.


-- Post From My iPhone

fredag 13. november 2009

Midtlivsaften

Mitt livs aften eller ein aften midt i livet? Ein gong i halvåret møtest vi i allefall på Kyrkjetunet til ein hugnadsfull kveld med god mat og triveleg lag. "Gråstein amfiteater" (for kvelden omdøpt til Rutilteateret) tek pulsen på små og store hendingar nært og fjernt. Høgskulelektor i merkevarebygging var m.a. tilstades med fokus på korleis vi i Sogn og Fj. kan nytte svineinfluensaen i omdømebygging.



måndag 2. november 2009

Fotballkameratar

To kveldar i veka møtest vaksne menn til fotballtrening i gymsalen på Flatene. Sosialt og sportsleg utfordrande. I kveld stod fotostudioet til fotografen som er på skulen desse dagane rigga i vestibylen. Då var det tid for lagbilete. Eg trur lista over dei som ikkje var tilstades er mykje lenger enn dei som var med. Vi er mange som er innom i løpet av vekene, men mange av dei på biletet utgjer den harde kjerne.


-- Post From My iPhone

søndag 25. oktober 2009

Trappa på plass


I eit blogginnlegg tidlegare i haust stilte eg spørsmål om det ikkje skulle komme trapp ved posten. No er den flotte elvepromenaden fullført, med trapp.



slik var det før


-- Post From My iPhone

fredag 9. oktober 2009

Vintercross


Vi tok med oss syklar til Lemonsjøen denne gongen med tanke på fine sykkelturar innover skogsvegane. Men her møtte vi 10 cm med snø, noko som gjorde det litt vanskelegare å kome seg fram. Men Simon synst det er stas med vintersykling.


-- Post From My iPhone

laurdag 19. september 2009

102

Denne helga er vi på besøk på Aukra. På aldersheimen bur bestemor på 102 år. Flotte damer.


-- Post From My iPhone

søndag 6. september 2009

Førde by night

Ein fin kveldstur rundt Vie går over Bankbrua, forbi posten og langs med den flotte elvepromenaden. Når vi skal krysse vegen frå banken må vi imidlertid gå eit stykke tilbake for å finne gangvegen. Det kan sjå ut som det er laga ei opning i rekkverket, men kvar er trappa? Nokon som veit kva som er tenkt?






søndag 9. august 2009

Det finst ikkje ord!

Når eg ikkje finn ord får eg i staden bruke ord og tonar frå DiDerre:
Molde - Rosenborg 5-0!

laurdag 1. august 2009

Sommarferie i Førde

I helga har vi besøk av Stig og Berit og gutane Vebjørn og Hallvard.


Eit venskap vi har hatt sidan tida i Volda. Veldig kjekt at dei tok turen frå Sotra. Stig har blitt medlem av teppeklubben.


-- Post From My iPhone

søndag 26. juli 2009

Til topps

I dag har vi bestege Storehesten. På tide etter 18 år i Sunnfjord. Flott tur sjølv om værmeldinga ikkje slo heilt til. Tåka låg til tider tjukk rundt toppen. Men då vi var oppe fekk vi ei opning slik at vi såg ned til Bygstad. Simon og mats var også til topps men vart ikkje med på biletet. Det vart ikkje ny rekord, men ei god oppleving der vi ma fekk servert rett I koppen av fjellgourmeten Høstaker.


-- Post From My iPhone

søndag 19. juli 2009

Hermekråke

Det er imponerande å sjå kva dressur Simon har på duene. Det er vel rettare å kalle den for hermedue.


-- Post From My iPhone

laurdag 18. juli 2009

Lotsberg

Lotsberg er ei lita bygd i bakkane ovanfor fergekaia på Lote. Mor til Olga vaks opp på ein av gardane, og broren Olav har no overteke. I dag traff vi familie på denne perla av ein gard høgt oppe i fjellsida. Svigermor Eli var med og diska opp med rømmegraut.


-- Post From My iPhone

fredag 17. juli 2009

Moldepatriot

Dei som har fulgt blogg og facebookstatus har vel ikkje kunne unngå å leggje merke til at Moldepatrotismen er sterk hos underteikna. På ein dag der Mame vart seld til United var det godt å oppleve omsorga frå mine barn. Ved heimkomst frå ferie fekk eg Moldedrakt i forseinka bursdagsgåve. Heldigvis skal Mame fortsetje å score mål for Molde ut sesongen.


-- Post From My iPhone

Matchande

Olga har vore i Hellas og kjøpt seg ny bikini. Då er det kjekt å kome heim og sjå at den matchar stolputene.


-- Post From My iPhone

måndag 13. juli 2009

Backpacker

vi er altså på såkalla øyhopping på dei greske øyer, også gjerne kalla for backpacking. No har vi ofte med oss ein mindre sekk i tillegg slik at det også må bli frontbacking. Det høyrest veldig offroad ut, men det er ein veldig fin og enkel måte å reise på. Sekk eignar seg godt på ferger sidan vi då har pute når vi skal sove på dekk. Denne gongen har vi bestilt dei fleste overnattingane men det er ingen problem å reise utan førehandsbestilling. På dei fleste øyane står titals av utleigarar klare for å tilby husvære, dei fleste med god standard til ein rimeleg penge. Ein ferie å anbefale!


-- Post From My iPhone

torsdag 9. juli 2009

Sølvbryllup

I kveld er det klart for sølvbryllupsfeiring på antiparos. Våre gode vener Torunn og Øyvind har invitert med familie og gode vener til feiring. Til no har vi hatt flotte dagar og kveldar saman. Vi ser fram til kvelden!


-- Post From My iPhone

tysdag 7. juli 2009

Tavli

Backgammon på gresk heiter tavli. Det er godt å kunne setje seg i skuggen når sola blir for sterk. I skrivande stund er det uavgjort mellom Øyvind og meg.


-- Post From My iPhone

måndag 6. juli 2009

Pavlos

Då er vi på plass på antiparos. Første middag på pavlos. Fantastisk mat!


-- Post From My iPhone

torsdag 2. juli 2009

Kalispera

God kveld på gresk. Etter eit par dagar på Naxos nyt vi no gode dagar på Kofunissia ei lita øy ikkje så langt frå Naxos. Saman med fam. Høstaker skal vi vere her fram til måndag då vi set kursen til Antiparos. Der skal vi feire sølvbryllupet til Torunn og Øyvind.


-- Post From My iPhone

søndag 21. juni 2009

På leir

I helga har eg vore på Nesholmen på leir. Avreise rett etter at vi har sendt elevane på sommarferie. Kvifor då frivillig velje å møte "dei same elevane" igjen på leir? Det er travelt, kjekt, men mest av alt gjevande. Å få vere saman med desse "twinarane" (= between barn/ungdom) gjev meg mykje, og eg får høve til å gje vidare noko av det som er viktig for meg. Oddvar arrangerte m.a. eit flott leir-OL. Viss det er lenge sidan du var på leir kan du her sjå og mimre litt.

torsdag 18. juni 2009

Slepp ungdommen laus!

I kveld var i Naustdal og fekk med oss musikkspelet til 10.klasse. Are (fadderbornet vårt) var ein av frontfigurane.
Kjekt å oppleve så mykje entusiasme og speleglede. Alle var på scena. Til og med dei tøffe fotballgutane dansa "boyband-dans" med opne skjorter!

søndag 14. juni 2009

Uteliv


Denne helga starta Simon og Mats utelivet. Første overnattinga tok dei ute på trampolina. Dei sovna relativt fort, og sov eit godt stykke ut på morgonkvisten før dei pakka saman og avslutta natta innandørs.

laurdag 13. juni 2009

Ut i det blå


Eg oppdagar stadig nye perler i eige fylke som eg ikkje visste om. I går (og i natt) var vi på blåtur til Yrineset ved Oldenvatnet (http://www.yrineset.no/). Takk til 5.steget som tok oss med.

Eg lar meg begeistre...

.
Den siste tida er eg blitt meir og meir begeistra for musikken til Coldplay. Det er nesten slik at eg misunner Marte konsertbilletten ho har til konserten i Bergen i august. Det er også spennande når songar blir gjort i ulike versjonar som t.d. denne:

måndag 8. juni 2009

Apropos kjærleik....


Ein sein kveldstime traff eg Arvid på handletur på Rimi. Han lurte på om han skulle kjøpe blomster til sin kjære frå tilbodstorget.....

Ung kjærleik


Kva kan vere vakrare enn to unge som har funne den store kjærleiken i livet, og satsar slik på den at dei vel å gifte seg.

I helga fekk vi ta del i Eirik (vårt fadderbarn) og Caroline sitt flotte bryllaup i Bergen. Eit strålande vær laga ei flott ramme for eit strålande brudepar.

Nokre reagerer kanskje litt undrande til at så unge vel å gifte seg. Men hadde dei same kome og sagt at dei skulle flytte saman blir vi ikkje lenger overraska. Samstundes vil mange meine at eit sambuarskap er like forpliktande som eit giftarmål. Eit lite tankekors?

Lukke til med samlivet, Eirik og Caroline!

torsdag 21. mai 2009

Året første hoggorm


I dag fekk eg årets første møte med ein hoggorm. På veg ned frå Førdsnipa låg den og sola seg på vegen. Turen til nipa var forøvrig flott. Nokre snøfonner ligg fortsatt, men snøen er fast og grei å gå på.

tysdag 19. mai 2009

Ei opa dør.....


"Ei opa dør kan også vere til stengsel", filosoferte eg litt over etter å ha sett biletet frå 17.mai som eg fekk frå Sindre.
Simon opptredde på Halbrend skule saman med nokre jenter frå klassen. Flinke var dei!

søndag 10. mai 2009

Utilsikta kobling?


Kom over denne sida på http://www.firda.no/ i dag. Ei tilfeldig og utilsikta kobling mellom journalistikk og reklame.

Det er heller ikkje like lett å finne gode illustrasjon til artiklane. Men Holmenkollstafetten går vel ikkje føre seg i hoppbakken?


Ei kulturell veke


Denne veka har eg fått med meg mange flotte kulturopplevingar. Torsdag var det konsert med Førde kammerkor og Gisle Børge trio. God humor og flotte musikalske prestasjonar av både kor og musikarar.

Fredag var det prøve på "Burn baby, baby!". Natt-teater utanfor bensinstasjonen i Naustdal. SoF teater har visjon om å "røre meg med opplevingar eg ikkje har hatt før". Det gjorde dei denne gongen.

I går kveld tok vi turen til Balejazz. Konsert med Take 6 var ei stor oppleving. Desse seks mennene med stemmer som ofte høyrest ut som eit heilt orkester har vore "heltar" i mange år. Flott å oppleve dei live.

måndag 27. april 2009

Ei ny og god oppleving


I kveld inviterte eg Olga med på afrikansk restaurant. Vi er framleis i Roma. Tilsynelatande såg dette OK ut med menyar på engelsk og god italiensk vin. Mat vart bestilt, vinen servert, og forrett med små kjøttbollar iblanda grønsaker smakte godt. Alt servert med fin afrikansk popmusikk i bakgrunnen.
Då hovedretten kom vart vi meir usikre. Kvar var bestikket? Det viste seg at ”lefsa” som maten vart servert på skulle brukast som gaffel. Litt rot vart det, men mest ei ny og spanande oppleving for oss. Kulinarisk vart måltidet delt: Olga fekk eit sterkt og godt måltid. Eg kunne vore heldigare med bestillinga.

Roma på 1 dag


I dag har vi vore på rekognoseringstur. Starta på Petersplassen som var full av italienarar (og nysgjerrige turistar) som feira friheitsdagen til Italia. Paven var på plass og dei heile vart overført på storskjerm. Sidan har vi traska og gått, og enda til slutt ved Colosseo der vi tok metroen tilbake til hotellet. No veit vi litt om kva vi kan bruke dei neste dagane til.

måndag 13. april 2009

Påskeliljer


Idag kom de epost med bilete frå mine kjære foreldre. Heime står påskeliljene i full blomst. Påskeliljemarka nedanfor kyrkja var (og er kanskje fortsatt?) reine pilgrimstaden for byfolket frå Molde. Eg hugsa frå barndommen at dei kom frå byen for å plukke. Det var ikkje alltid øyfolket sette like stor pris på desse pilgrimane som kom over med ferga og ribba påskeliljemarka. Men eit sikkert vårteikn var det :)

tysdag 7. april 2009

God reklame?


Ved posten har det vore vegarbeid sidan i haust. Hadde eg vore ansvarleg ville eg ikkje hengt opp firmaskiltet på gjerdet......

laurdag 4. april 2009

I kvilestilling



Min gode turkamerat Øyvind inntok ufrivillig kvilestilling ved den einaste bjørka som fantest i området på tur ned frå det vi trudde var Sandfjellet men som viste seg å vere naboen. Utan kart, men med lokal guide på telefonen fann vi fram til garden der vi kunne starte turen øvst i Instedalen. Sola skein, og vi hadde godt påskeføre på veg opp. På toppen av fjellet kunne vi sjå over til Sandfjellet som var vårt eigentlege mål. Nede ved bilen traff vil lokale kjentfolk som kunne fortelje oss kvar vi hadde og kunne gått. No veit vi kvar turen går neste gong....

tysdag 31. mars 2009

Bensinprisar


Det er ikkje noko vi kan spare så mykje på som å kjøpe billeg bensin.

På heimtur frå Lemonsjøen køyrde vi forbi Bismo. Der kosta bensinen 11,70. Heldigvis fylte vi ikkje der. På Byrkjelo var nemleg prisen 9,98. Vi fekk presse på 35 liter og trudde vi hadde gjort eit scoop. Den gong ei. På Vassenden kosta den 9,56. Faktisk billegare enn i byen. Heile 70kr sparte vi på å fylle vestom fjella.

Men kor mykje kostar ei pølse og ei brus som vi ofte kjøper når vi først er innom stasjonen?


Korleis var ordtaket: Vinninga går opp i .........

Det gode liv i Jotunheimen

For 3 år sidan flytta vi inn i hytta på Lemonsjøen. Vi kallar det hytta sjølv om vi bur i ein 6-mannsbustad. Andre kallar det gjerne fritidsbustad. I alle fall har dette blitt friplassen vår. Det tek oss 4 timar å køyre dit. Litt i lengste laget, men det går bra når vi først er i bilen.

I helga var vi på tur. Saman med gode vener frå Eplehagen vart det både nedover og bortoverski i strålande vindstille vér.

Kan vi ha det betre?