laurdag 21. mars 2009

Har du sett Tele2 reklamen?

Nattmanøver


Halbrendsnipa låg bada i snø og sol. Freistinga på veg heim frå jobb ein fredag ettermiddag var stor. Øyvind var ikkje sein om å be. Tanken om pudderturen på Fauskevarden sist helg låg friskt i minnet. Men mykje skal ordnast, og før vi kom oss avgarde var det ikkje meir sol på vår side av fjellet. Opp frå Halbrendstøylen var det hardt og fint å gå. Vekegamle spor leia oss opp gjennom skogen. Men det er først neste helg vi skal stille klokka, og det skymdest raskare enn vi hadde tenkt. På toppen var det fortsatt hardt. Pudderen frå sist helg var vekke. Faktisk så hardt at vi pingla oss ned igjen i halvmørket med fellane på. Nede på Halbrendstøylen var det godt med hodelykt. 113 ringte og lurte på kvar vi vart av. Vi kunne berolege Torunn med at vi var på veg. Men turen var fin den!

tysdag 10. mars 2009

Snikkar Martin


Far min er snikkar. Han er eigentleg pensjonert rektor. Men han var også snikkar medan han var rektor. Han var faktisk snikkar som rektor. Ein ting var at han måtte snikre saman timeplaner, ein annan ting var at Breivik skule ikkje hadde eigen vaktmeister og då måtte snikkar/rektor Solemdal trå til.


Far min har eiga snikkarbu. Det er der han brukar mykje av tida si mellom måltida han et saman med mor. Han har eigen vedomn der han kan koke kaffi til karane som kjem innom for ein prat. Eg har også eiga snikkarbu med mykje maskiner og reiskap. Forskjell på meg og far min er at han brukar snikkarbua si.


Far min lagar mykje fint i snikkarbua si. Han har laga mykje møblar til oss borna. No er han kyrkjesnikkar. I dag fekk eg Kyrkjebladet frå Aukra i postkassa. Der var det ei heil side om far min som er kyrkjesnikkar. Då vart eg stolt!

måndag 2. mars 2009

Gutetur til Lemonsjøen

Øyvind meinte at "Mannskap" må vere eit godt alternativ til "ekteskap". Vi skal ikkje dra dette langt, men vi var alle einige om at vi hadde ein gild gutetur til Lemonsjøen denne helga. 2 dagar på nedoverski sette sin spor. Godt lag og eit fantastisk dugnadsmåltid på laurdag kveld var andre høgdepunkt. Dette må vi gjere igjen.