Far min er snikkar. Han er eigentleg pensjonert rektor. Men han var også snikkar medan han var rektor. Han var faktisk snikkar som rektor. Ein ting var at han måtte snikre saman timeplaner, ein annan ting var at Breivik skule ikkje hadde eigen vaktmeister og då måtte snikkar/rektor Solemdal trå til.
Far min har eiga snikkarbu. Det er der han brukar mykje av tida si mellom måltida han et saman med mor. Han har eigen vedomn der han kan koke kaffi til karane som kjem innom for ein prat. Eg har også eiga snikkarbu med mykje maskiner og reiskap. Forskjell på meg og far min er at han brukar snikkarbua si.
Far min lagar mykje fint i snikkarbua si. Han har laga mykje møblar til oss borna. No er han kyrkjesnikkar. I dag fekk eg Kyrkjebladet frå Aukra i postkassa. Der var det ei heil side om far min som er kyrkjesnikkar. Då vart eg stolt!
1 kommentar:
Eg er imponert over at han fortsatt er like aktiv!Eg kjenner eg blir litt rørt over å lese dette;du er heldig som har ein slik spreke og flotte far...og flink er han-flotte arbeid han har gjort.Torunn
Legg inn en kommentar