måndag 2. mars 2009

Gutetur til Lemonsjøen

Øyvind meinte at "Mannskap" må vere eit godt alternativ til "ekteskap". Vi skal ikkje dra dette langt, men vi var alle einige om at vi hadde ein gild gutetur til Lemonsjøen denne helga. 2 dagar på nedoverski sette sin spor. Godt lag og eit fantastisk dugnadsmåltid på laurdag kveld var andre høgdepunkt. Dette må vi gjere igjen.

5 kommentarer:

Øyvind sa...

Aj aj aj. Det var ikkje det eg sa; "Dersom det skulle vere behov for eit altenativ til ekteskap så..." og det er noko anna. Dessutan etterlyser eg bildedokumentasjon!
Ø

Frode Solemdal sa...

Beklager. Den var litt tabloid....

Anonym sa...

Men den bidrog til leseopplevinga ;)

Lars sa...

Ja dette var stort, men ekteskapet er då også eit godt alternativ.

Oddvar Etnestad sa...

Eg tykkjer Lars er inne på det; Kvifor alternativ når ein kan få i pose og sekk!