torsdag 24. mai 2007

Far har vore til service


Tidlegare år snubla far og brakk lårhalsen. Den første operasjonen gjekk ikkje så bra og etter mange veker med smerte måtte han inn til ny service.

18.mai vart han operert på nytt og fekk satt inn hofteproteste. I dag vart han utskreven frå sjukehus og rapportane er veldig positive. Han køyrde sjølv bilen heim igjen!

Velkomen tilbake på beina!

2 kommentarer:

Øyvind sa...

Flott Martin, og lukke til med opptreninga!

Fint dette at vi får informasjon om hendingar frå dagliglivet til og med i fargar. Slekt og vener må hive seg rundt å gje ein honnør til Frode. Dette er vår tids historieskriving! Når dei om 150 år skal fortelje om oss trur eg dei vil seie: "Som Frode Solemdal skreiv i ein blogg datetert ......."
Apropspos illustrasjonar og farger: Trur eg skal legge ut ei fyldig dekning av ein gastroskopi-undersøking eg var på........
God Pinse!

Anonym sa...

Helst ikkje, Ø, helst ikkje...