torsdag 3. mai 2007

Jenny 100 år!


....og like sprek!


25.april fylte bestemor mi 100 år.

Ho bur fortsatt heime på Aukra i eige hus, og er uforskamma frisk og klar i toppen.


Dagen vart feira med familie i påska.

På sjølve dagen hadde ho ope hus og mange vener, slekningar og naboar tok turen innom.


Og så fekk ho brev frå kongen!


Eg er stolt av bestemor mi!

2 kommentarer:

Torunn sa...

Ja det er berre heilt fantastisk å kunne bli 100 år ,og som du seier:"klar i toppen",og ikkje minst få være så frisk å kunne bu heime.Ja du har all grunn til å være stolt over denne flotte dama.Eg skal være glad om eg er ca.halvt klar i toppen, om eg skulle bli tilnærma så gamal.Sikkert noko eg ikkje har lyst,gidd eller til og med ikkje klarar å hugse då...

Anonym sa...

Eg sluttar meg til rekka av imponerte!