søndag 4. januar 2009

Første topp i 2009

I dag har eg og Olga vore på årets første topptur. Vi starta litt forsiktig, og la turen til Fauskevarden som er "vårt" fjell. Det var ikkje mange som hadde gått der før oss etter at det la seg 10 cm. pudder natt til laurdag. Det er likevel ikkje meir snø enn det bør vere.

Kanskje burde vi tenkt meir over kva fjell vi valde, for vi såg ikkje sola før vi var på toppen. Det blir nok betre utover vinteren når sola kjem høgare på himmelen.

I går hadde vi også ein fin tur. Då var Simon med og gjekk rundt Gjøset.
PS! Olga er fotograf og visest difor ikkje på bileta.

torsdag 1. januar 2009

Spel i nye utgåver


Jula er tid for å spele i lag og nokre av oss likar det betre enn andre. Spela kjem også i nye og moderniserte utgåver som t.d Monopol. Ullevål hageby er ikkje lenger den gjevaste gata, og betaling gjer vi no med Visakort.

Fantasi har også kom e i ny utgåve med teikneplate der teikningane blir viska vekk for kvar gong. Papirbruken er redusert monaleg, men vi får ikkje lenger høve til å ta vare på kunstverka våre.....

Skitur rundt Gjøset


Vi skriv altså 1.januar i 2009 og vi har hatt ein flott start på det nye året. Etter å ha hatt triveleg selskap frå familie i Naustdal i går kveld med påfølgande "brunch" i dag, fekk eg og Olga oss ein flott skitur rundt Gjøset. Regndråpane som kom tidleg på nyårsaftan kom som snø i skiløypa og gjorde at forholda var veldig fine. Med nesten -10gr. kunne vi ta fram blåvoksen. I dag var det strålande sol, men sein start på turen gjorde at vi ikkje fekk sett så mykje til den.

Nytt år - nye ......


Godt nyttår og takk for det gamle. Eit nytt år gjev høve til å starte på nytt, og eit av mine forsett er å ta opp igjen bloggen som har kvilt i 1 1/2 år. Så får vi sjå kor lenge det varer......

søndag 8. juli 2007

Flott i Førde!


Debatten har igjen gått om kva som er Norge sin styggaste stad. Førde har igjen vore blant dei nominerte. Men kven er det som nominerere, og kven er det som meiner dette?

Vi er mange som bur her i Førde som ikkje opplever det slik. Kva gjer ein plass fin? Er vi glad i noko eller nokon klarer vi kanskje i sterkare grad å leite fram og framelske det gode og det vakre. Kanskje dei som gjer desse vurderingane ikkje har eit slik forhold til Førde.

Dei siste dagane har vi hatt Førdefestival med strålande vér. På laurdag var det opptog med ein frankofil ordførar i spissen. Det er kjekt å kunne vise fram byen vår i ei slik flott ramme, og eg trur det gjer mange av oss stolte.

Mens vi venta på opptoget sat eg på elvekanten saman med Simon (10). Han såg oppover elva og sa: -Du pappa, eg synst Førde er ein fin plass. (Han hadde ikkje fått med seg noko av den foregåande debatten).