søndag 4. januar 2009

Første topp i 2009

I dag har eg og Olga vore på årets første topptur. Vi starta litt forsiktig, og la turen til Fauskevarden som er "vårt" fjell. Det var ikkje mange som hadde gått der før oss etter at det la seg 10 cm. pudder natt til laurdag. Det er likevel ikkje meir snø enn det bør vere.

Kanskje burde vi tenkt meir over kva fjell vi valde, for vi såg ikkje sola før vi var på toppen. Det blir nok betre utover vinteren når sola kjem høgare på himmelen.

I går hadde vi også ein fin tur. Då var Simon med og gjekk rundt Gjøset.
PS! Olga er fotograf og visest difor ikkje på bileta.

2 kommentarer:

Øyvind sa...

Velkommen tilbake! Dette lovar godt!

Karina sa...

Du lovar og lyg. Effektiv som bloggar dei fire første dagane i året, spesielt den eine. Etter det såg vi ingenting til han på over ein og ein halv månad!:) Skuffande.