torsdag 6. mai 2010

Vårstemning

I dag vakna vi til skikkeleg vårstemning på Flatene. Eg høyrde plogskjer mot asfalt oppe i lia, men trudde kanskje det var anna enn snø dei skrapa. Får håpe krokusen ved leikehytta tåler dette.


-- Post From My iPhone

søndag 14. mars 2010

Dagens middag

Kva får vi til middag ved å blande potetmos, kveitemjøl, byggmjøl, havregryn og vatn?


-- Post From My iPhone

laurdag 20. februar 2010

Åtvaring

Dette er ei åtvaring til dei som skulle bli freista til å vere kreativ når det gjeld innreiing av baderom. Då vi bygde for 17 år sidan støypte vi badekar i hjørnet. Dette var kjekt så lenge borna var små. Når dei ikkje er det lenger og vi ønskjer å fjerne byggverket, angrar eg på at eg ikkje valde ein annan konstruksjon....


-- Post From My iPhone

fredag 19. februar 2010

OL for alle

Det er ikkje tvil om at OL femnar alle. Fytti katta kor spennande!



-- Post From My iPhone

torsdag 31. desember 2009

Dette hadde eg ikkje trudd.....


.... at eg igjen skulle få gå rundt Gjøset saman med alle tre borna mine. Men vi fekk ein flott tur på årets siste dag. Karina sin skikarriere har lege i dvale dei siste åra, men med nytt utstyr og Beitostølen i sikte seinare i år har ho starta opptreninga.
Marte har alltid vore ein "stayer" i skiløypa - viss ho berre vil. Når ho no klarte å finne tid innimellom kjærleg og handball viste ho at ho også i skiløypa kunne hatt ei strålande karriere framfor seg.
Simon går også godt, berre han har nokon å vise seg fram for. Og med to søstrer på tur kunne han i dag innta intruktørrolla.
Gamlefar er berre glad for å kunne avslutte 2009 med ein slik flott tur, og håpar 2010 kan byrje på same måte.
Godt 2010 til alle!