søndag 8. juli 2007

Flott i Førde!


Debatten har igjen gått om kva som er Norge sin styggaste stad. Førde har igjen vore blant dei nominerte. Men kven er det som nominerere, og kven er det som meiner dette?

Vi er mange som bur her i Førde som ikkje opplever det slik. Kva gjer ein plass fin? Er vi glad i noko eller nokon klarer vi kanskje i sterkare grad å leite fram og framelske det gode og det vakre. Kanskje dei som gjer desse vurderingane ikkje har eit slik forhold til Førde.

Dei siste dagane har vi hatt Førdefestival med strålande vér. På laurdag var det opptog med ein frankofil ordførar i spissen. Det er kjekt å kunne vise fram byen vår i ei slik flott ramme, og eg trur det gjer mange av oss stolte.

Mens vi venta på opptoget sat eg på elvekanten saman med Simon (10). Han såg oppover elva og sa: -Du pappa, eg synst Førde er ein fin plass. (Han hadde ikkje fått med seg noko av den foregåande debatten).

torsdag 28. juni 2007

Kvitt belte


Simon har tatt eksamen i Kali. Han har fått kvitt belte. Etter treninga i dag kom han stolt heim med eit 5? meter langt belte. Eitt års trening har gitt resultat.

Kali er ein kampsport. Onkel Armando er trenar (og det er vel grunnen til at foreldra lar han få gå der....) Disiplin er viktig og han og kamerat Stian har lært mykje dette året.

Tidlegare denne måndaden hadde dei oppvisning i sentrum.

Jordbær


Så er jordbæra komne! Vi har kjøpt 8 kilo ferske, gode, søte norske jordbær. Ca. 4 kg. vart til sylte. Resten.....
Marte renska og Simon åt. Olga sylta.



onsdag 20. juni 2007

Gift halve livet!


I dag feirar eg og Olga 20 års bryllupsdag! Eg har nesten vore gift halve livet!

Statistisk sett høyrer vi vel nesten til mindretalet.

Men det er godt å kjenne at vi framleise er glade i kvarandre.

I dag tidleg vakna vi til frukost på senga. Dei 3 flotte borna våre hadde stått opp sjølv om dei hadde fri! Blomster og fint kort hadde dei også med seg i tillegg til at dei hadde sett inn annonse i Firda.

Det var greitt slik så slapp eg å gå rundt og fortelje det til alle......
Slik såg vi ut for 20 år sidan.

måndag 18. juni 2007

Flotte jenter!


Etter eit lite opphald er bloggaren på nett igjen.
Denne gongen i skrytemodus.

Jentene våre er i ferd med å avrunde skulegang med flott innsats og flotte resultat.

Marte har vore oppe i norsk munnleg og fått ein sterk 5-ar. Flott!
Ho har som søstra søkt media og kommunikasjon ved Mo og Jølster v.g.skule til neste år. Ho går ein spennande sommar i møte fram til ho får vite om ho kjem inn.

Karina er ferdig med media og kommunikasjon på v.g.skule. Ho har vore oppe i munnleg eksamen i media og norsk. Resultat: 2x6!
Karina skal på Karmøy folkehøgskule til hausten. To linjer: Vokal og bistand.