søndag 10. mai 2009

Ei kulturell veke


Denne veka har eg fått med meg mange flotte kulturopplevingar. Torsdag var det konsert med Førde kammerkor og Gisle Børge trio. God humor og flotte musikalske prestasjonar av både kor og musikarar.

Fredag var det prøve på "Burn baby, baby!". Natt-teater utanfor bensinstasjonen i Naustdal. SoF teater har visjon om å "røre meg med opplevingar eg ikkje har hatt før". Det gjorde dei denne gongen.

I går kveld tok vi turen til Balejazz. Konsert med Take 6 var ei stor oppleving. Desse seks mennene med stemmer som ofte høyrest ut som eit heilt orkester har vore "heltar" i mange år. Flott å oppleve dei live.

måndag 27. april 2009

Ei ny og god oppleving


I kveld inviterte eg Olga med på afrikansk restaurant. Vi er framleis i Roma. Tilsynelatande såg dette OK ut med menyar på engelsk og god italiensk vin. Mat vart bestilt, vinen servert, og forrett med små kjøttbollar iblanda grønsaker smakte godt. Alt servert med fin afrikansk popmusikk i bakgrunnen.
Då hovedretten kom vart vi meir usikre. Kvar var bestikket? Det viste seg at ”lefsa” som maten vart servert på skulle brukast som gaffel. Litt rot vart det, men mest ei ny og spanande oppleving for oss. Kulinarisk vart måltidet delt: Olga fekk eit sterkt og godt måltid. Eg kunne vore heldigare med bestillinga.

Roma på 1 dag


I dag har vi vore på rekognoseringstur. Starta på Petersplassen som var full av italienarar (og nysgjerrige turistar) som feira friheitsdagen til Italia. Paven var på plass og dei heile vart overført på storskjerm. Sidan har vi traska og gått, og enda til slutt ved Colosseo der vi tok metroen tilbake til hotellet. No veit vi litt om kva vi kan bruke dei neste dagane til.

måndag 13. april 2009

Påskeliljer


Idag kom de epost med bilete frå mine kjære foreldre. Heime står påskeliljene i full blomst. Påskeliljemarka nedanfor kyrkja var (og er kanskje fortsatt?) reine pilgrimstaden for byfolket frå Molde. Eg hugsa frå barndommen at dei kom frå byen for å plukke. Det var ikkje alltid øyfolket sette like stor pris på desse pilgrimane som kom over med ferga og ribba påskeliljemarka. Men eit sikkert vårteikn var det :)

tysdag 7. april 2009

God reklame?


Ved posten har det vore vegarbeid sidan i haust. Hadde eg vore ansvarleg ville eg ikkje hengt opp firmaskiltet på gjerdet......