laurdag 4. april 2009

I kvilestilling



Min gode turkamerat Øyvind inntok ufrivillig kvilestilling ved den einaste bjørka som fantest i området på tur ned frå det vi trudde var Sandfjellet men som viste seg å vere naboen. Utan kart, men med lokal guide på telefonen fann vi fram til garden der vi kunne starte turen øvst i Instedalen. Sola skein, og vi hadde godt påskeføre på veg opp. På toppen av fjellet kunne vi sjå over til Sandfjellet som var vårt eigentlege mål. Nede ved bilen traff vil lokale kjentfolk som kunne fortelje oss kvar vi hadde og kunne gått. No veit vi kvar turen går neste gong....

tysdag 31. mars 2009

Bensinprisar


Det er ikkje noko vi kan spare så mykje på som å kjøpe billeg bensin.

På heimtur frå Lemonsjøen køyrde vi forbi Bismo. Der kosta bensinen 11,70. Heldigvis fylte vi ikkje der. På Byrkjelo var nemleg prisen 9,98. Vi fekk presse på 35 liter og trudde vi hadde gjort eit scoop. Den gong ei. På Vassenden kosta den 9,56. Faktisk billegare enn i byen. Heile 70kr sparte vi på å fylle vestom fjella.

Men kor mykje kostar ei pølse og ei brus som vi ofte kjøper når vi først er innom stasjonen?


Korleis var ordtaket: Vinninga går opp i .........

Det gode liv i Jotunheimen

For 3 år sidan flytta vi inn i hytta på Lemonsjøen. Vi kallar det hytta sjølv om vi bur i ein 6-mannsbustad. Andre kallar det gjerne fritidsbustad. I alle fall har dette blitt friplassen vår. Det tek oss 4 timar å køyre dit. Litt i lengste laget, men det går bra når vi først er i bilen.

I helga var vi på tur. Saman med gode vener frå Eplehagen vart det både nedover og bortoverski i strålande vindstille vér.

Kan vi ha det betre?