laurdag 4. april 2009

I kvilestilling



Min gode turkamerat Øyvind inntok ufrivillig kvilestilling ved den einaste bjørka som fantest i området på tur ned frå det vi trudde var Sandfjellet men som viste seg å vere naboen. Utan kart, men med lokal guide på telefonen fann vi fram til garden der vi kunne starte turen øvst i Instedalen. Sola skein, og vi hadde godt påskeføre på veg opp. På toppen av fjellet kunne vi sjå over til Sandfjellet som var vårt eigentlege mål. Nede ved bilen traff vil lokale kjentfolk som kunne fortelje oss kvar vi hadde og kunne gått. No veit vi kvar turen går neste gong....

1 kommentar:

Øyvind sa...

Kan`kje begripe kvifor han måtte sette den bjørka akkurat der? Må vere gjort med ein humoristisk tanke... Men flott tur!