2011 har vore eit ansleis år der vi gutane har helde fortet her heime. Vi klarer oss godt, og set stor pris på når Olga kjem heime igjen til helga. Når vi er vekke frå kvarandre lærer vi oss kanskje til å setje ekstra pris på å vere saman. Det er vel det same vi opplever når også dei yngste jentene kjem heim til jul.
Olga trivst så godt med å spre "godt nytt" i Norsk musikkorpsforbu
Her kan de lese meir om Olga sitt liv og tankar om livet.
Karina byrja i haust i turnusteneste som fysioterapeut i Sola kommune. Etter nyttår skal ho ha siste halvåret på Stavanger sjukehus. Ho har lært seg sitt fag, og no er det tid for praktisering med enno meir læring. Den raude Poloen er ein god følgesven, sjølv om den fekk litt medfart når den trilla rundt for nokre veker sidan. Heldigvis kunne Karina og dei andre i bilen krype uskadd ut. Ved slike hendingar får vi ei påminning om at vi ikkje må ta livet for gitt.
I haust var Marte veldig klar for å starte studielivet. Overgangen frå folkehøgskule til idrett på lærarhøgskulen var imidlertid ikkje veldig stor. -Dette er neste som å gå på folkehøgskule, sa Marte dei første vekene, etter å ha vore på kanotur og andre fysiske sprell. Etterkvart har bøkene fått meir plass. Ho trivst godt i kollektivet saman med to andre jenter og ein gut. I ledige stunder jobbar ho i eit bukollektiv kort veg frå der ho sjølv bur. Når ho er heime tek ho gjerne ekstravakter i bu og omsorgstenesta. Ho trivst godt saman men mennesker som treng litt ekstra hjelp for å klare seg i livet.I mai feira vi Simon si konfirmasjon. Store delar av familien på begge sider var med i feiringa, og vi hadde ei flott helg saman til ære for eit flott ungdom. Simon er musikar som no trakterer fleire instrument i tillegg til gitaren. Han har eit godt høyre og ein god puls. Tensin
Livet som rektor er framleis kjekt og travelt. Det som gjer det travelt er ikkje berre alt du gjere, men alt du skulle ha gjort. Skulen vert ein stor del av livet som det er vanskeleg å legge vekk. Å leve av og leve for er to ulike dimensjonar i livet som for mange vert eitt. Musikken skulle eg hatt meir tid til å leve for. Turar på ski prøver eg å ta meg tid til, og eg har forventningar til ein god vinter saman med Simon og andre gode skivener.
Vi er priviligerte og har mykje å vere takksame for. Vi er friske, har nok mat, gode sengar å sove i, kjekke naboar, omsorgsfulle vener og gamle og nye kollegaer. Dette må vi aldri ta som sjølvsagt. Å kunne ha valg i livet; Kva vil eg jobbe med? Kva utdanning vil eg ta? Kvar vil eg bu? er eit privilegium sjølv om det også gir utfordringar å kunne ta dei rette valga.
Marte og Karina har hatt kvart sitt år på folkehøgskule med reise og solidaritet i fokus. Ein månad som backpackar på tvers av Sør-Amerika set sine spor. Fleire av oss er verva som fadrar til Misjonsalliansen sitt arbeid i Bolivia, og besøket på barneheimen i Sao Paulo som dei hadde samla inn pengar til på førehand satte sine spor. Det var kjekt å oppleve at den same barneheimen fekk 100.000 av handballforbundet i samband med VM no i desember.
God Jul og eit godt 2012 til alle!
Helsing oss på Flatene




