torsdag 24. desember 2020

Jula 2020

Per Fuggeli introduserte omgrepet «Flokken». Dette er eg glad i, og eg er glad i min flokk. Som stadig veks. Til våren blir vi mommo og besten til 4 då Sierra får ei søster. Stor stas!

Ansleisåret 2020 er snart over. Ansleis ja, men likevel er mykje ved det same. Flokken vår og jobben vår er viktige fundament som ikkje har endra seg. Men for andre har ansleisåret ikkje vore like godt. Vi er takksame for å bu i landet med verdas beste sikringsnett.

Olga får god hjelp av verdas beste helsevesen. Finansiert av våre felles midlar. Kvar 3.veke får ho nødvendig men kostbar medisin for å halde kreftcellene i sjakk. Kvar 4. månaden viser CTen kven som har overtaket. Siste året har vore fint. I gang igjen på jobb, med god tilpassing.

Koronaen har gjort at vi begge har hatt mykje heimekontor. Mykje av jobben min i Askøy kommune kan eg gjere heimafrå, men når vi ikkje lenger kunne møtast fysisk har vi oppdaga kor viktig dette er for eit arbeidsfellesskap.

Sist fredag overtok vi hytta i Snytto (Myrkdalen vest). Etter intensive innflyttingsdagen har vi no fått flokken til fjells for julefeiring. Lite snø førebels, men vi stolar på snømeldingar seinare i jula. 

Simon har i haust vore i USA. Karantenetid gjer at han må tilbringe jula åleine. Trist, men desto kjekkare når han kjem til fjells i romjula. Men koronaen har gjort oss gode i digital kontakt, så det får vi nytte oss av i kveld. Mora har fylt opp fryser og kjøleskap, og han får prøvd seg som  julekokk. Men fleire problemstillingar dukkar opp; Kva med mandel i grauten?

I grautgryta på fjellet var det i går over 20 mandlar. Det ga rom for ulike reglar. Ronja meinte det var urettferdig sidan besten et meir graut enn ho. Løysinga vart like fulle skåler der berre første runde var gjeldande. Karina gjekk av men sigeren etter ometing med faren.

Karina har blitt ein del av laget i nye Øygarden kommune. Når ho ikkje er fysioterapeut går mykje av tida med til å vere mor. I november flytta dei eit par km til Brattholmen der skulen til Ronja ligg. Ja, skulejente er ho blitt, og handball og turn er favorittane i fritida. Tomine har eit år igjen i barnehagen, og synst det er flott. Ole programmerer, og med dagar framfor maskina må kroppen få fysiske utfordringar i fritida. Men den er ikkje heilt klar til ny Norseman enno.

Det er heller ikkje Marte som går med veksande mage. Ikkje så samarbeidsvillig denne gongen, så jobben ved Gimle skole har måtte vike noko no i haust. Koronaen har gjort at Vebjørn ikkje har vore på så mange oljereiser i haust. Sierra er blitt 1 år, og starta i haust i barnehage i tøffelavstand frå heime.

Litt lenger er det til Simon som i haust har vore i USA for videre skulering i forsvaret. Han og Silje har tatt opp teltpluggene i Bodø, og Silje har fått politivikariat heime på Karmøy. Kjekt, for det er ikkje så lett å få jobb i denne etaten.

Dette var flokken oppsummert i 2020.

Vi ønsker alle ei velsigna julehøgtid, og eit godt koronafritt (etterkvart) 2021.


3 kommentarer:

Unknown sa...

Kjekk lesnad. Hels flokken din😀

Unknown sa...

Mvh Jon Olav

Anonym sa...

Så gildt å lesa �� Gledeleg jul og alle gode ønske for det nye året! Gratulera med ny hytte ��Klem frå Anne Tove