torsdag 23. desember 2021

Jula 2021


"Eg har et julehjerte til deg
Som du kan henge på ditt juletre
Det kan du sjå på og tenke på meg
Som e so uendelig gla i deg"


Denne songen fekk vi av Ronja, Tomine og Sierra då vi starta julefeiringa for ei veke sidan. Vi må dele på godene, og i år feirar flokken vår med sine svigerfamiliar. Olga og eg er godt installert på Snytto og ser fram til fine og rolege dagar før vi blir fleire i romjula. Snytto flytta vi inn i til forrige jul, og den har gitt oss mykje glede det siste året både sommar og vinter. 

Destinasjonen er Myrkdalen Vest. Vesle julaftan er det -8 og fint vinterver ute. Det har lagt seg eit lite "melislag" på snøen som klarte å overleve mildveret tidlegare i månaden. Så skiturar ligg det godt til rette for.

Ruby vart født i mai. Førebels litt for ung til å glede Mommo og Besten med song, men absolutt ein solstråle og gledesspredar elles. Ho har no forstått at det er mogleg å komme seg framover i livet på eiga hand. Dette er livets under som vi undrar og gler oss over. For dei som ikkje har full oversikt er 
Vebjørn og Marte foreldra til Ruby, og Sierra stolt storesøster. Ordbanken til Sierra blir stadig utvida, og sortering og artikulasjonen av orda gjer at det stadig blir enklare å forstå kva ho vil. Foreldra er flinke til å gje korte snaps frå kvardagen til stor glede for oss som får sjå og høyre.

Sykkelturar med pappa sin elsykkel på Bergen sine fjell og snowboardsvingar i Myrkdalen er godt dokumentert. (I den grad du kan seie at snaps som dukkar opp og forsvinn er dokumentasjon.....). 
Marte og Vebjørn runda 30 i år, men Koronaene gjorde at den store festen måtte avlysast. Vebjørn jobbar framleis med oljeinstallasjonar i inn og utland. Marte kan no også tittelere seg som spesialpedagog etter fullført mastergrad gjennom to svangerskap. For tida handlar mykje om planer for husdrømmen som skal realiserast i Dale (Sunnfjord) dei neste par åra.

Karina og hennar flokk bur eit høveleg langt steinkast frå oss på Sotra. Ronja er blitt andreklassing, spelar fotball, og Besten har planar om at ho skal spele meir piano når Besten får/tek seg tid. I den alderen skiftar interessene fort. I fjor var det handball og turn. Tomine går siste året i barnehagen, og blir til hausten skulejente på Brattholmen skule. Det ser ho fram til. Karina og Ole held fram som fysioterapeut og programmerer. Slik er livet, ikkje så store endringar frå år til år når familien er etablert og ungane veks til.

Simon avslutta i haust eit års opphald i USA i forsvaret sin regi. Han har fått nye oppgåver og utfordringar og er no stasjonert på Evenes, med pendlarstatus til eiga leilighet i Bergen. (Om noko skulle lure er alt innanfor gjeldane regelverk 😏). Kjærasten Silje har fått fast jobb som politi på Karmøy, så det blir nok framleis litt "her og der", men dette fiksar ungdomane fint.

I haust måtte Olga i gang igjen med cellegiftbehandling. Kreften blir ho ikkje kvitt, men vi håpar og ber om at god behandling og gode medisinar skal halde den i sjakk så lenge som mogleg. Cellegifta er tøff med kroppen, og når forkjølelsesvirus i tillegg inntek kroppen fekk ho nokre tøffe veker i oktober og november. Men ho står han av, og siste kroppscanning viste gode resultat. Jobbing blir det naturleg nok mindre av når den viktigaste jobben er å halde kroppen best mogleg frisk. Men ho er produktiv med strikkepinnar og sylteglas noko store og små i flokken får nyte godt av. 

Neste år rundar eg 10 år i Askøy kommune. Askøyskolen er ein god arbeidsplass med faglege utfordringar og gode kollegaer både i fagavdelinga og ute på skulane. Opplever at det ikkje er lenge sidan vi tok opp teltpluggane og forlet Førde, men det er vel teikn på god livskvalitet når vi opplever at tida går fort. 

Etter å budd litt i byen og litt på strilalandet, melde vi i fjor haust flytting til Møvik for godt. Ein god plass å leve eit godt liv. 
Solstova som vi bygde på takterrassen i fjor gjev god ly for vinden samtidig som den slepp varme solstrålar inn og gjev vidsyn utover havet. 
Vi skal ikkje skryte på oss mykje bruk av kajakkane, men lever etter mottoet at det berre er det som ligg framom vi kan gjere noko med.

Men Bodø-Glimt; no er eg lei av sølv .... seier han som bur i Brann-land. Men far og son sat side om side i blått og raudt på Brann stadion 1.søndag i advent. 

Mor, far og svigermor Eli bur framleis heime i eigne hus. Sjølv om kroppen med åra slitest og krev litt service, er dei klåre i toppen og har humøret i behald. I påska rundar Eli 90 år, og storfamilien gler seg til å feire henne. I haust samla vi storfamilien Solemdal på Alexandra i Loen. Mor runda 85, men det var ikkje difor vi var samla seier ho som ikkje likar merksemd om seg sjølv, men som set stor pris på å ha flokken rundt seg.

I fjorårets juleblogg skreiv eg om ansleisåret 2020. 2021 vart heller ikkje tilbake til normalen sjølv om vi trudde det i haust. Men igjen må vi minne oss om at når det uventa og for mange det kritiske oppstår, bur vi i eit av landa med best sikringsnett, om det gjeld sjukdom, Korona eller straumprisar.

Vi ønsker alle ei velsigna julehøgtid, og ønskje om eit godt koronafritt 2022.



Ingen kommentarer: