fredag 22. desember 2023

Jula 2023


Det snør -
himmelsk korrekturlakk over feilstavet sommer



Slik ser det ut på Snytto i Myrkdalen når vi nærmar oss jul. Men denne strofa frå Anne Grete Preus har ein djupare botn enn som værmelding. Når livet går i mot, er det godt med relasjonar og opplevingar som kan ta fokus vekk frå det vanskelege. Det er godt å ha flokken vår rundt oss, og det er godt med vener og familie som bryr seg.


Dei fleste som les dette kjenner oss, og veit at Olga har vore kreftsjuk dei siste 6 åra. Behandlinga som er gitt har vore god, men har også gitt sine bivirkningar som har tært på kroppen. Etter at kreften spreidde seg til hjernen for 2 år sidan har fysiske funkjonar gradvis blitt redusert slik at Olga no har behov for mykje hjelp og støtte i kvardagen. Den siste tida har sjukdommen også gått ut over dei kognitive evnene som å hugse og ressonere. Når de snakkar eller tekstar med Olga vil de difor ofte oppleve dialogen som usamanhengande. Vi har vore, og ønskjer framleis å vere opne om sjukdomen og livet, så difor skriv vi det slik.


Det er framleis liv igjen sjølv om det er redusert, og vi må gjere det beste ut av det. Difor var det fint med ei veke i varmen i byrjinga av desember saman med Marte, Vebjørn, Sierra, Ruby, Vidar og May Jorunn (foreldra til Vebjørn). Familien "Lykkeland" har framleis adresse i Bergen, men startar i 2024 bygging av nytt hus i Dale der Vebjørn har vakse opp. Vebjørn fartar verda rundt i oljenæringa, medan Marte no er rådgjevar på Gimle ungdomsskole. Sierra og Ruby har "tøffelavstad" til barnehagen.

Vi har hørt at ingen snøfnugg er like,
og sånne under kan en tenke på en stund



Karina, Ole, Ronja og Tomine bur eit høveleg langt steinkast frå oss slik at det er lett å stikke innom. Jentene er blitt 2. og 4.klassingar. Fritidsaktivitetane er mangfoldige, noko som også får konsekvensar for foreldra sitt engasjement. Ole programmerer digitalt. Karina har nyleg fått fast stilling i Øygarden kommune for å jobbe med barn og unge med høgt skulefråvær.



Simon har adresse Bergen, men jobbar i forsvaret på Evenes. Kjekt å ha han heimom i helgar og friperiodar. Ski og motorsykkel er lidenskapar som blir dyrka utanom flylivet på jobb. Med gode kollegaer og vener både her og der går det fint å variere adresse.

Eg er blitt korsongar igjen. LokalVokal tilknytta Foldnes kyrkje er eit gospelkor med god kvalitet og godt fellesskap, for ungdommar i alle aldrar. Å få jobbe praktisk er godt for ein som ellers sit mykje framfor skjermen. Siste prosjekt i haust er tak over verandadør. Mykje av jobben blir no gjort frå heimekontor for å vere nær Olga. Etter nyttår prøver vi også å få noko meir kommunal hjelp som kan avlaste.

Takk for den unyttige snø
Til bry og til besvær
eller som Voss lyrikklag seier det:
- Dersom du vel å ikkje gleda deg over snøen, vil du ha mindre glede i livet, men same mengde snø.

Jula skal vi feire i Myrkdalen. Simon og Karina med familie er på plass. Marte og gjengen kjem i romjula. Nysnøen har lagt seg, og skia står klare i boda. Besten held framleis fast på telemarksknekken, sjølv om lettare skiutstyr kan friste.

Alt går litt langsommere her på jorden
Når hele himmelen faller ned
Av og til stoppar livet opp, eller går saktare om vi vil det eller ei. Andre gonger kan vi ta bevisste valg om å leve for, meir enn å leve av. Minner også om intensjonskanalen frå i fjor, om du har gløymd den.

Med ønskje om ei god og velsigna julehøgtid til alle ❤




1 kommentar:

Anonym sa...

Kjære dokke! ❤️ Takk for nydeleg julebrev med fine refleksjonar og nyhende om familien! Vi visste IKKJE dette om deg, Olga. Så leit. Du har hatt det tøft, og har det sikkert tøft no også. Den fine familien dokka er gode å ha! Vi ynskjer at de får gode juledagar saman og at de får styrke, mot og håp for å kunne takle utfordringane! Gode klemmar frå Elin og Harald ❤️