tysdag 22. desember 2009

Juleblogg 2009

Solveig Slettahjell er ein av julefavorittane i huset. Ny innpakning kan ofte opne augene for innhaldet i dei gamle kjente julesongane. Kvart år kjem det nye innpakningar. Spotify har vore ein av mine store oppdagingar i året som gjekk. Eit lite søkeord, og vips har du treff på det meste av det beste. Og slik har det blitt: Det er ungdommane som viser veg. -Sjå her pappa, dette må du vite om.

Karina er halvvegs i 2.studieår på vegen til å bli fysioterapeut. Ho er ein ivrig og dyktig student. Mykje skal lesast, og mykje skal forståast for å kunne kna og tøye kroppane våre på rett vis. Ho studerer i Bergen og då er vegen ikkje lenger enn at vi får ein del treff gjennom året. Etter nyttår ventar veker i praksis. Då må ho forlate venninnekollektivet med gode barndomsvener for ei stund. (http://www.karinasolemdal.blogspot.com/)
Marte er også på veg ut av reiret. Etter 3 år på Media og kommunikasjon går vegen truleg vidare til folkehøgskule ein eller anna stad i landet. Handballen tek fortsatt mykje tid, og ny trenar i haust ga ny giv. Men med jobb på bokhandel og kjærast i Dale er det mykje ho skal få tid til gjennom ei veke. Ho trivst godt med fotoapparatet, og har hatt det med seg på sine reiser til Spania, Egypt og London det siste året.
Det blir litt rart å berre sitje igjen med minstemann Simon, som ikkje er så liten lenger. I haust byrja han på ungdomsskulen og er blitt tenåring. Musikk er ein viktig del av livet til Simon. Han spelar gitar og er vokalist i "Low Battery". Lærar Jakob har i haust lært han nye triks og grep på gitaren, og han øver ivrig. Innimellom set han seg også ved pianoet og leitar fram klangar.
(http://www.klemmekroken.blogspot.com/)

Eit av årets høgdepunkt var turen til Hellas. I år var det ekstra kjekt med feiring av Torunn og Øyvind sitt sølvbryllup saman med mange gode vener. Eit minne for livet. Før vi reiste dit var vi saman med min familie på Hermon høgfjellsenter og feira 150 år for mor og far. Lotsberg er ofte ein samlingstad for Olga sin familie om somrane. I år fann vi også tid til ein novembertur til Solkysten. Godt med sol og varme og ladding av batteri. Men vi treng ikkje reise langt for å få gode opplevingar. Fjella rundt Førde er flotte både sommar og vinter. Og så har vi hytta på Lemonsjøen. Ein stad å koble av frå kvardagen.

Olga er etter ei periode på Nynorsk Mediesenter tilbake som vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane. Kjekke men hektiske dagar på jobb. 3-4 treningsøkter pr. veke må ho ha. Dei kreative sidene av seg får ho ut gjennom scrapping. Bloggen hennar er også verdt ein besøk: http://www.olgawergeland.blogspot.com/.

Frå dette skuleåret er eg rektor ved Flatene skule. Hektisk men veldig kjekt saman med gode og dyktige kollegaer. "Karafotball" i gymsalen må eg ha med meg eit par gonger i veka. Når snøen no er komen ser eg fram til både bortover- og nedoverski. Kvar sommar har eg som regel eit steinprosjekt. I år vart det ny mur og skifer mellom huset og garasjen. Musikk blir det for lite tid til, men eg er manager for "Low Battery" :)

Truls flytta inn i Flatene 85c i haust. Ein roleg, gråspragla, langhåra katt som er til stor glede for alle. Kven skulle tru at eg kunne skrive dette etter å ha vore prinsippiell motstandar mot dyr i huset i mange år.

Livet byr på både gleder og sorger. I november tok vi avskjed med bestemor på 102 år. Ein fin og verdig avskjed med ei flott dame som fekk leve mange gode år.
"Eia var vi der", tonar Solveig ut med. Det handlar om å vere tilstades i livet for kvarandre. Og for meg handlar det også om å sjå jula sitt eigentlege innhald i all den flotte innpakninga vi gir den.

God jul til alle!

3 kommentarer:

Øyvind sa...

Takk for julebrev direkte levert på hytta, du overgår posten!

Torunn sa...

Koselig julebrev/blogg Frode:)

Arne sa...

Flott juleblogg! God jul til dokke alle!!