laurdag 23. desember 2017

Jula 2017

Vind og regn piskar mot vinduet denne veslejulaftanmorgonen. Men vi har lært oss å leve med vind og ver i alle fasongar her på vestkysten.

Livet er som veret; fullt av kontrastar. Ein av dei mørke kontrastane har vi fått oppleve i haust. Olga si vonde skulder som vi lenge trudde var senebetennelse viste seg å vere ein kreftsvulst som hadde spredd seg frå brystet. Denne beskjeden kom tidleg i oktober, og dei tre siste månadane har dette vore det viktigaste. Olga er i dei beste medisinske hender, og får no behandling med cellegift og antistoff.

#lykkeland
Bryllupet til Marte og Vebjørn i sommar var årets store lyspunkt. Vener og familie,  Villa Åmot frå si beste side, og eit stålande brudepar! Grillfest i hagen til May Jorunn og Vidar (Vebjørn sine foreldre) fredag kveld. Mingling i stålande kveldssol. Bryllupsbilen var 2CVen som vi brukte for 30 år sidan.

Ja, i sommar var det 30 år sidan vi gifta oss. Eit samliv som har hatt fargar i ulike fasettar, slik det skal vere. Vi er takksame for å få vere ein del av liva til kvarandre, og prøver kvar kveld å seie desse viktige orda: «Eg er glad i deg!».
(Ein liten digresjon: Eg har alltid vore glad i utropsteiknet. Etter invasjonen av smiles, likes og emojies opplever eg at det har mista litt av sin kraft……).

Simon var ferdig med førstegongstenesta i vår. I sommar/ haust var han til opptaksprøver for flygarutdanning i forsvaret. Han kom langt, men vart dessverre «selektert vekk» i siste fase. I november reiste han til Bodø, og jobbar no med å tilrettelegge for andre som skal flyge. Der får han også vere saman med kjærasten Silje som går på politihøgskulen. Dei traff kvarandre i forsvaret.

Julefoto av favorittane
Vi er glade for å ha flokken vår så nær. (Sjølv om Simon er ute å luftar seg litt….). Marte og Vebjørn held framleis hus på Slettebakken i Bergen. Karina, Ole, Ronja og Tomine er på flyttefot, men berre eit lite stykke nærare Bergen. Det er særleg kjekt å få vere «kvardagsbesteforeldre» for Ronja og Tomine. Gleda over dette går ikkje over …..

I vår tok eg valet om å seie frå meg stillinga som sjef for Askøyskolen. Eit ønskje om å leve meir og jobbe mindre låg bak. Høvet til å gå tilbake til rådgjevarstillinga eg hadde opprinneleg gjorde valet enklare. Kjekt å få jobbe vidare med så mange dyktige kollegaer og skulefolk.

Over skoddehavet på Segla
I sommar besøkte vi Nord-Norge for første gong. Bård og Merete i Tromsø tok godt i mot oss, og viste oss m.a. Sommarøya. (Merete og Olga studerte i lag). Lenger sør hadde vi fine dagar på hytta til Kristine og Roger på Furrøya. Den planlagte ferien i haust må vi ha til gode. Gode møter med vener og familie vil framleis stå høgt på prioriteringslista i 2018.

Vi har mykje å vere takksame for, sjølv om Olga sin sjukdom gjer at vi blir minna om at ingen veit kva framtida bringer. Men vi kryssar fingar og folder hender, og veit at mange gjer det med oss. Det set vi stor pris på. Nye undersøkingar på nyåret vil vise om medisinane har virka.

Julekvelden skal vi feire saman med Simon. Lavt immunforsvar gjer at det ikkje er lurt med for mange smittekjelder i nærleiken. Karina og gjengen kjem tilbake frå julefeiring i Egersund, og vi håpar å få nyårshelga i lag. Marte og Vebjørn mellomlandar her 2.dag før dei flyg vidare på nyårsferie til Australia.

Ønskjer med dette alle ei velsigna juletid, og eit godt 2018 når det kjem.

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt


Ingen kommentarer: